Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Kongevegen

  • Hemsedal, Hemsedal
  • +47 32055030
  •  /  km From You
Overview

Den gamle Kongevegen frå Gol, gjennom Hemsedal, over til Vestlandet blei opparbeida i åra frå 1825 til 1844. Frå Skinnfellgården på Tuv og opp på Hemsedalsfjellet er vegens stort sett farbar.

Unnataket er to strekningar der vegen ligg gøymt under riksvegen. Vegen var ei viktig ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet og blei nytta av så vel handelskarar som lakselordar. Mellom anna har keisar Wilhelm reist strekningen mellom Lærdal og Bjøberg.

Historie

Kongevegen gjennom Hemsedal kryssar fylkesgrensa til Sogn og Fjordane ved Eldrevatnet. Namnet kjem av at arbeidet med opparbeiding av vegen, var eit pålegg frå kongen. Kvar haust, etter at onnearbeidet var avslutta, hadde alle arbeidsføre menn i bygda plikt til å ta del i arbeidet med vegen. Sidan arbeidet var eit pålegg frå kongen, fekk ikkje karane stor godtgjerdsle for slitet dei la ned. Arbeidet med Kongevegen vart sett i gang ved Robru i Gol omlag 1825, vegen fram til Tuv var ferdig i 1937. Vegen over Hemsedalsfjellet vart opna i 1844. Kongevegen var eit viktig bindeledd mellom bygda og stølslaga innover Mørkedalen. Om sommaren vart utmarka beita og graset på stølsvollane slått. Stølsgraset gav godt vinterfor til buskapen. Lenge før vegen var køyrbar for hest og vogn, har vegen over Hemsedalsfjellet vore ei hovudferselsåre mellom aust og vest. Lærdalsøyri har sidan lang tid tilbake vore ein viktig marknadsplass for hemsedøler som ville bytte smør og skinn mot korn, salt og sild.

(tekst skrevet på nynorsk - "Hemsedals dialekt")

Det er fint å ferdast langs gamle Kongevegen både til fots og på sykkel.
Langs vegen er det sett opp fire informasjonstavler, desse er plassert i Venås, ved Vårstølen i Heimdalen ved Ershovd og på Eldrehaugen.

Last ned brosjyre om Kongevegen som PDF

Brosjyre på Netpublicator

 


  • Last Updated:
  • Source: Hemsedal.com

Opening hours

Man-fre: 09.00-16.00 Lør: 10.00-15.00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad