Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vassenden

Konsert med Tom-Roger Aadland

Book
Konsert med Tom-Roger Aadland

Tom -Roger er tilbake i Jølstramuseet , og med seg på scenen har han den eminente gitaristen Kjetil Steensnæs, som også har produsert låta!

TOM ROGER AADLAND er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 slepper han sitt tiande album, og drar på turné.
Det nye albumet har fått tittelen «Skyer», og inneheld fleire låtar som allereie har blitt publikumsfavorittar, mellom anna «Kan ikkje gi oss», «Du e den» og «September» (duett med Kine Nesheim). Aadland er kjent for sine songtekstar på nynorsk, men denne gongen har han skrive på dialekt, nært og sterkt.
«Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skreiv Aftenposten om det førre albumet hans, «Motgift» (2021). Aadland har hatt ei rekkje låtar i rotasjon på norsk radio, og mange har nok høyrt songar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn. Bob Dylan-gjendiktingane hans har gjort suksess på Det Norske Teatret, og konserten vil også innehalde ein dose Dylan på nynorsk.
Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.
En skikkelig intimkonsert med en artist som alltid leverer. Vi gleder oss.

Last updated: 09/08/2023

Source: Visit FjordKysten

Konsert med Tom-Roger Aadland

Book

Sider du nylig har besøkt