Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Larsnes

Kråen Gard

Bo i miljøvennlige mikrohus på gardstunet. Her kan du finne ro og nyte utsikta over fjorden, fjella i syd og storhavet i vest.

Kråen Gard med historie tilbake til 1600-tallet, ligg vakkert til i sydvendt terreng ved innseilinga til fjordane i aust og med øyane og storhavet i vest på Larsnes i Sande kommune. Her kan du få skreddesydde opplegg med matopplevingar og overnatting.

På garden overnatter du i unike norske mikrohus. Der bor du miljøvennleg og med samme komfort som i eit hotellrom. Du kjem tett på naturen og elementa heilt ute ved kysten. Her kan du nyte ei unik utsikt til fjord og fjell, like slåande i uvær som i solskin.

På gardstunet vil du kunne finne roa under eit plommetre eller ved å nyte eit nydelig måltid i lysthuset.

Rett utanfor døra finn du turstiar både på fjellet, i skogen og langs fjøra. I sommarsesongen kan du leige kano eller sup-brett. Du kan utforske dyrelivet langs strendene og svaberga, eller prøve fiskelykken.

Sjølv om mikrohusa er ein attraksjon i seg sjølv, ligg ikoniske opplevelsar lett tilgjengelig som dagsturmål. Her kan vi anbefale surfestrendene på Stadt, grottevandring på Sandsøya, fuglefjellet på Runde, jugendstilbyen Ålesund, Hjørundfjorden og nydelige turer i Sunnmørsalpane.

Last updated: 01/10/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Kråen Gard

Sider du nylig har besøkt