Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Høyanger

Kraftduoen i Høyanger

Kraftduoen i Høyanger er to turar i eitt der kraftproduksjon før og no dannar ei tematisk ramme med overnatting på Øren Hotel og på dag 2 vandrar du i byvandringsløypa.

Duoen består av 5 km til fots / på sykkel / i bil, etterfølgt av ein gåtur ved sidan av eller på 2500 luftige trappetrinn. Ein returnerer tilbake til Høyanger sentrum same vegen som ein kom. Om du ikkje ønskjer å fullføre heile kraftduoen kan du heilt fint stoppe turen etter 5 km i enden av dalen, og utelate trappene.

På denne turen får du oppleve sentrale kraftinstallasjonar i Høyanger, og sjå krafthistoria til tettstaden utfalde seg i landskapet. Ved trappene finn du Eiriksdal kraftverk og K2 (bilde 1 under), to generasjonar med kraftverk der det første erstatta det siste i 2014. På toppen av trappene vil du få utsyn over heile dalen ned mot Høyanger, og vil sjå kraftinstallasjonar som har danna sjølve fundamentet for industrien som tettstaden har hatt som livsnerve gjennom over 100 år.

Treng du sykkel til å gjennomføre «Kraftduoen», eller vil du oppleve Høyanger sentrum frå sykkelsetet? Sport’n Høyanger midt i sentrum (Storgata 19) leiger ut syklar. Dei har opent måndag til fredag frå kl. 09.00 til 17.00, og laurdag frå kl. 09.00 til 15.00.

Overnatting på Øren Hotel

Les meir her

Dag 2

Byvandring i eit kraftsamfunn Langs denne byvandringsløypa får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur.

Les meir her

Last updated: 06/20/2023

Source: Visit Sognefjord AS

Kraftduoen i Høyanger

Sider du nylig har besøkt