Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Høyanger

Kraftruta over Bergefjell, Høyanger

Kraftruta tek deg med på to dagar gjennom storslått natur i Industribygda Høyanger med vandring over Bergefjell og byvandring i eit kraftsamfunn.

Kraftruta over Bergefjell

Dag 1

Frå Grimsosen går turen til fjellryggen mellom Toppenhytta og Skålebotn, heile vegen med storslagen utsikt over Høyangsfjorden, Sognefjorden og Stølsheimen i det fjerne. Ved start frå Grimsosen er det ein familievenleg tur på 10 km og omlag 250 m stigning. Ved start i Høyanger er turen omlag 13,5 km lang og middels krevjande med 700 m stigning. Turen er merka.

Overnatting på Larsgarden Tunhotell som tilbyr gjestene overnatting i våningshuset frå 1901. Kjøkkensjef Pernille Yulie Baatard servera mat som smakar av grønnsaker, bær og fruk frå garden, fisk frå fjorden og hjort frå skogen.

Les meir her

Dag 2

Kraft i sentrum

Tettstaden Høyanger er fundert på kraft og kraftkrevjande industri. På Høyanger Industristadmuseum får du innsikt i korleis Høyanger gjekk frå å vere ei lita jordbruksbygd til å nærast over natta bli eit blomstrande industrieventyr tidleg på 1900-talet.

Byvandring i eit kraftsamfunn Langs denne byvandringsløypa får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur.

Les meir her

Last updated: 02/23/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Kraftruta over Bergefjell, Høyanger

Sider du nylig har besøkt