Kringsjå Hotell, Balestrand





Velkommen til vakre kunstbygda Balestrand. Kringsjå Hotell, Leirskule, Vandrarheim og Sognefjord Akvarium ligg vakkert til ved Sognefjorden.
Kringsjå hotell vart etablert i 1932. I dag vert vi marknadsført under logoen til Norske Vandrerhjem som er ein verdsomspennande organisasjon. Det skal vere eit rimeleg alternativ utan støyande natteliv. For å halde prisen låg bringar mange sitt eige sengetøy, men du kan leige for kr 50.
Her kan du overnatte til ein pris frå kr 265 inkludert frokost.
Dobbeltrom kostar kr 410 per person.
Medlemer får 10% rabatt på denne prisen. Om sommaren kjem her besøkande frå heile verda og alle aldergrupper er representert.
15% rabatt til medlemer av Norske Vandrerhjem.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Kringsjå Hotell, Balestrand