Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Mosterhamn

Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi

Book
Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos. Musikk av Benny Andersson Tekst av Björn Ulvaeus & Lars Rudolfsson

Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av
1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med
borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til
USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like
store utfordringar som heime i gamlelandet.Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn
forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og
laga seg eit nytt liv i eit ukjend land.Musikalen innheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav,
Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas.Billettsalet startar i dag på Ticketmaster. Framsyninga har premiere 2. august og spelar fram til 12. august. Dette må vere den finaste julegåve å gje i år. Ved spørsmål kan de kontakta: Linda Hellen mob +47 90961702
Maren Laurhammer Gilje mob+47 91788742

Last updated: 02/15/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi

Book

Sider du nylig har besøkt