Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

FLORØ

Krokane Camping Florø

Book

På ei idyllisk og lun plass ved fjorden finn du Krokane Camping. Her har du kort avstand til spennande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar.

Krokane camping ligg idyllisk og lunt til ved Fjorden, ca. 2 km. frå Florø by. Med kort avstand til spennande aktivitetar og spekatulære naturopplevingar gjer Krokane Camping til eit godt utgangspunkt for turar langs kysten. Her er tilrettelagt for fiske, dykking og bading, og ein kan overnatte i hyttar, telt eller bobil.

Krokane camping er ein av Norges vestlegaste campingplass. Her finn du 19 vinterisolerte kvalitetshyttar av ulike storleikar som kan leigast heile året. 16 av hyttene har Plus Camp standard, og tre av dei har handicap tilgjengeleg. På krokane camping finn du ein dissestativ, trampoline, eigen familiebadestrand og fine svaberg for bading for dei litt eldre. Her kan du leige elsykkel, båt eller kajakk for ein fin padletur i naturskjønt område ved sjøen. Her er det fint å snorke og dykke. Det er og tilrettelagt for sløying og frysing av fisk. Ønskjer du å røyke fisken din kan Kim Rudis Røykeri, som held til ved campingen, røyke fisken din. Det er og krabbeteiner tilgjengeleg for leige.

I Florø kan du nyte småbyidyllen med sjarmerende kafèar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spennande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Utforsk den flotte kystnaturen, bli med på guida turer eller sjå glimt av dagleglivet ved kysten på kystmuseet. Ønskjer du å ta ein utfartsdag til dei mange øyane rundt Florø, kan du reise med dei lokale fergene. Last ned appen "entur", eller klikk deg inn på entur.no for informasjon om rutetider. 

Florø byr på mange flotte turstier. Her kan du gå eller sykle til Brandsøyåsen, eller Sørstrand. Du finn meir informasjon om turmoglegheiter her. Ønskjer du å bade innandørs kan du besøke Havhesten som ligg 1,5 km frå Krokane Camping. Les her om Havhesten her: https://www.havhesten.no/

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Krokane Camping Florø

Book

Sider du nylig har besøkt