Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Krossbu | Turisthytte

Book

Krossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Krossbu turisthytte frå 1901 er ei av dei eldste turisthyttene i Norge. Hytta ligg idyllisk til ved fylkesveg 55, som tek deg over Sognefjellet - Nord-Europas høgste fjellovergang. Turisthytta ligg 1267 meter over havet.

Du finn meir enn tjue fjelltoppar over 2000 moh. rundt Krossbu. Opp frå Leirbrean tronar dei majestetiske Smørstabbtindane, som er populære turmål både på ski og til fots. Lenger sør ligg Smørstabbreen, eit av dei største brepartia i Jotunheimen, og Bøverbrean, der du kan få minnerike opplevingar på brevandring i lag med ein guide.

Aktivitetar: Det er moglegheiter for mange aktivitetar i området alle årstider; skiturar, fjellklatring, brevandring og fisking. Når du bur på Krossbu er det berre å snøre på seg skone og gå om det er på ski eller til fots.Frå hytta er det merka ruter både sommar og vinter til mellom anna Skogadalsbøen, Sognefjellshytta, Fannaråken, Bøvertun og Nørdstedalseter. Herfra går det også fører over Smørstabbreen til Leirvassbu og det er mogleg å oppleve grottevandring i Dummdalen.

For dei som ynskjer å gå på langrenn er det fine løyper på Sognefjellet utover våren og til snøen smeltar i juni/juli.

Overnatting: På Krossbu kan du bu på rom inne i hovudhytta. Her er det alt frå fleirsengs-rom med eller utan bad, nyoppussa dobbeltrom med bad til rom med enklare standar som har vask på rommet og felles dusj/wc på gangen.

På campingen kan du bu med telt, bubil eller campingvogn. Du betaler da campingavgift og kan nytte sanitæranlegget. Når du bur på campingen har du moglegheit til å kjøpe deg mat inne på hytta, samt opphalde deg i stovene.

Servering: Inne kan du nyte ein god middag i den store spisesalen eller slappe av i eit av dei trivelege opphaldsromma. Kvar morgon blir det servert ein solid frukost, med heimebaka brød, med høve til å smøre seg niste før dagens tur. Ta med termos og få han fylt frå kjøkkenet.

Krossbu er ein endestasjon, eller start om ein vil, for Høgruta i Jotunheimen - ein 5-dagars skitur gjennom Jotunheimen.

Velkomne til fjells!

Last updated: 11/17/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Krossbu | Turisthytte

Book

Sider du nylig har besøkt