Bøverdalen

Krossbu turisthytte

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 97001267

  • Sognefjellsvegen 4688

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Krossbu turisthytte er ligg idyllisk til langs Sognefjellsvegen i Lom, og er eit populært utgangspunkt for fjellturar både med ski og til fots - til Smørstabbtindane, Smørstabbrean og Bøverbrean i Jotunheimen.

Krossbu turisthytte vart etablert i 1901 og er ei av dei ekdste turisthyttene i landet. Hytta ligg 1267 moh. langs Nord-Europas høgaste fjellovergang; Fv. 55. Krossbu er ei privateigd turisthytte som tilbyr overnatting, servering og camping. Herfrå går det òg merkede ruter til Skogadalsbøen, Sognefjellshytta og Fannaråken. Aktivitetar i området omfattar toppturar, brevandring, fisking og langrennstrening på Sognefjellet. Krossbu ligg omkransa av brear og fjell; og er ei glimrande base for fjelltur til toppane i Smørstabbtind-massive (du ser rett opp på toppen Store Smørstabbtinden frå stoveglaset), brevandring i blåisen på Smørstabbrean og fotturar om sommaren. Her kan du teste fiskelykka i fine fjellvatn og gå fjellturar i variert terreng; på merka sti, stutt eller langt - ettersom du sjølv ynskjer! Sesongen varer frå påske til midten av september, da vegen over Sognefjellet vanlegvis er vinterstengt frå ca. november/desember til april/mai.

Kilde: Visit Jotunheimen AS