






Vakn opp til ei lun og triveleg hamn, omgjeven av flott natur - midt i øyriket. Her kan du legge til kai på ein av dei 40 båtplassane med naturen tett ved.
Legg til med båt – eller kom med bubil – og opplev stemninga ved Kulleseidkanalen på Bømlo. Her kan du kopla deg til, kopla av og nyta dagen i rolege omgjevnader. Vertskapet står klare til å ta imot deg med varme og gjestfridom, slik at du og dine kan senka skuldrene og fylla på med gode opplevingar.
For deg som vil bli over natta, finst det 17 koselege hotellhytter – for to personar, med høve til fire i nokre av dei.
I restauranten får du servert tradisjonsmat frå Vestlandet, i tillegg til lette måltid og ferske smakar frå havet. Nyt maten ute på kaien med utsikt mot kanalen, eller inne i det stemningsfulle, nyrenoverte grindabygget.
Gjennom sommarsesongen blir det levande musikk frå scenen kvar fredag og laurdag kveld – ein perfekt måte å avslutta dagen på.
Frå 3. august vert det søndagsbuffet kvar søndag mellom kl. 13.00 og 17.00
Skal du arrangere selskap, jubileum eller kanskje gifta deg? Kulleseidkanalen Gjestehamn tilbyr eit unikt lokale med sjel og atmosfære. Me legg til rette for både store og små hendingar, i vakre omgjevnader midt i hjartet av Kulleseidkanalen. Ta kontakt, så skreddarsyr vi opplegget til di hending.
650 meter til bunkring ved Finnås Marina – her kan du fylla diesel eller bensin, handle båt- og fiskeutstyr, få båtservice m.m.
300 meter til butikk med apotekutsal og bensinstasjon/bilverkstad.
Sett kursen mot 59°44'32.1″N 5°14'06.9″E – og opplev den ekte kyststemninga i Kulleseidkanalen Gjestehamn.
Kontakt Kulleseidkanalen Gjestehamn for meir informasjon om opningtider.
Kilde: Region Sunnhordland