Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Nordfjordeid

Kulturhuset Gamlebanken

Kunstgalleri med utstilling i tre etasjar. Utleige av lokar, pub, turistinformasjon om sommaren og kontor for Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival.

Opera Nordfjord har kontor i 3.etg. Her møtes dei store operastjernene og dei frivillige i operaen. Det er òg her operasjefen legg føringane for komande forestillingar i Opera Nordfjord.

I samarbeid med Eid Kommune har vi turisinformasjon i sommarhalvåret, med turistvertar i to månader frå 15. Juni til 15.august. Malakoff Rockfestival leiger kontor i huset, og er base for salg av effektar, vår og sommar. Kulturhuset Gamlebanken er i tillegg "Festivalkontor" i forkant av festivalen.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Kulturhuset Gamlebanken

Sider du nylig har besøkt