Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Fjord Tours - Norge i et nøtteskall® – Norges mest populære tur

    Authentic Scandinavia - reiser satt sammen av lokalkjente

    Up Norway - luksus skreddersydd av kjennere

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Brim Explorer – stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Travel – Norge på sitt vakreste!

    Go Fjords - turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Alpine mountain resorts

    Rauland - Skiferie i herlig høyfjellsnatur 

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BØMLO

Kulturløypa i Mosterhamn

  • +47 53423014
  •  /  km From You
Overview
Details

Kulturløypa tek deg med på ei historisk vandring med start i Moster hamn. Vidare kan du m.a. besøke Moster gamle kyrkje og deretter følgje stien til Vetahaugen der det står den store steinkrossen frå 1924. I området finn du og Moster Amfi der du kan sjå utstillingar og gå på kafe, og besøke bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo".

Stad
Mosterhamn/Bømlo.


,Turkart
Mosterhamn ­– Bømlo (1 : 50.000).


,Start- og sluttpunkt
Moster Amfi.


,Parkering
Ved Moster gamle kyrkje er det gode parkeringstilhøve. Her kan også bussar parkera. Ved Moster gruvepark er det tilrettelagt for båtturistar.


,Merking,:
Informasjonstavle ved startpunkt. Moster Amfi og Tur- og friluftsgruppa Dynamiske Mosterhamn har merkt  løypa.


,Gradering
Grøn/Blå. Lett fottur.

Høgdeskilnad
0 - 74 moh.

Tidsbruk,
Frå 1/2 til ca. 3 timar.


,Gode råd
Nokre våte og glatte parti, bruk høvelege sko.                                                                                                                                                          

,Turomtale
Start like ved Moster Amfi.   Den første delen av løypa er konsentrert  rundt hamna på Moster og tek deg med på ei historisk vandring tilbake til år 995. Tek du turen innom Moster gamle kyrkje, får du høyra historia om Olav Tryggvason, som i 995 kom frå England for å krevja kongsarven sin og kristna landet, og Olav Haraldsson og bisp Grimkjell, som sette kristenretten på Mostratinget i 1024. Følgjer du stigen frå vegen ved kyrkja, kjem du opp til Kyrkjestølen og Olavshola før du når toppen av Vetahaugen (løypa sitt høgaste punkt, 74 moh.). På Vetahaugen står den store steinkrossen, som vart avduka av kong Håkon VII ved 900-årsjubileet i 1924. Heile dette området har gode skilt som fortel om dei mange historiske hendingane. Frå Vetahaugen kan du følgja stigen ned på austsida til han svingar av nordover til Olavskjelda. Deretter følgjer du vegen til Moster Amfi, den gamle kalkgruva som på 1980-talet vart ombygd til Nord-Europas flottaste uteamfi. Her kan du om sommaren oppleva sogespel og store musikalar. Inne i Moster Amfi ligg den religionshistoriske utstillinga "Frå heidendom til kristendom", bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo" og Amfikafeen. Ved inngangen til amfiet ligg "kongesteinen", der dei første kristne lovene vart lesne i 1024. Steinen er òg signert av kong Olav V, kong Harald og dronning Sonja. Like nedanfor ligg Tollhagen, som har tent tollvesenet frå 1700-talet og fram til ca. 1900. Frå Tollhagen kan du vandra gjennom tunellen til Gruveparken, ei stor nedlagd gruve som lokale krefter har gjort om til ein vakker bade- og friluftsarena.  

Den andre delen av løypa fortset i Mosterhamn ved den best bevarte av dei mange kalksteinsomnane i regionen. Løypa tek deg vidare frå Mosterhamn på delar av den gamle postvegen (stig) langs Bømlafjorden og inn på Marmorvegen på Notland. Dette idylliske området skiftar mellom ope terreng med utsikt mot fjorden, og tett lauvskog. Her på Notland skjuler det seg fleire historiske gruver med utskipingssystem og kaianlegg  som fortel den unike historia om Marmor- og kalksteinsdrifta i Synken som har sett preg på Moster frå 1000-talet og fram til moderne tid. Frå Notlandsvåg kan du følgja hovudvegen tilbake til Mosterhamn igjen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
0,5 timer, 1 time, 2 timer, 3 timer
Season
Spring
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages