Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Mosterhamn

Kulturløypa i Mosterhamn

  • +47 53423014
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad: Mosterhamn/Bømlo.


Turkart: Mosterhamn ­– Bømlo (1 : 50.000).


Start- og sluttpunkt: Moster Amfi.


Parkering: Ved Moster gamle kyrkje er det gode parkeringstilhøve. Her kan også bussar parkera.
Ved Moster gruvepark er det tilrettelagt for båtturistar.


Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Moster Amfi og Tur- og friluftsgruppa Dynamiske Mosterhamn har merkt  løypa.


Gradering: Grøn/Blå. Lett fottur.


Høgdeskilnad:  0 - 74 moh.


Tidsbruk: Frå 1/2 til ca. 3 timar.


Gode råd: Nokre våte og glatte parti, bruk høvelege sko.                                                                                                                                                          


Turomtale: Start like ved Moster Amfi.


Den første delen av løypa er konsentrert  rundt hamna på Moster og tek deg med på ei historisk vandring tilbake til år 995. Tek du turen innom Moster gamle kyrkje, får du høyra historia om Olav Tryggvason, som i 995 kom frå England for å krevja kongsarven sin og kristna landet, og Olav Haraldsson og bisp Grimkjell, som sette kristenretten på Mostratinget i 1024. Følgjer du stigen frå vegen ved kyrkja, kjem du opp til Kyrkjestølen og Olavshola før du når toppen av Vetahaugen (løypa sitt høgaste punkt, 74 moh.). På Vetahaugen står den store steinkrossen, som vart avduka av kong Håkon VII ved 900-årsjubileet i 1924. Heile dette området har gode skilt som fortel om dei mange historiske hendingane. Frå Vetahaugen kan du følgja stigen ned på austsida til han svingar av nordover til Olavskjelda. Deretter følgjer du vegen til Moster Amfi, den gamle kalkgruva som på 1980-talet vart ombygd til Nord-Europas flottaste uteamfi. Her kan du om sommaren oppleva sogespel og store musikalar. Inne i Moster Amfi ligg den religionshistoriske utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, bergverksutstillinga ”Steinriket Bømlo” og Amfikafeen. Ved inngangen til amfiet ligg ”kongesteinen”, der dei første kristne lovene vart lesne i 1024. Steinen er òg signert av kong Olav V, kong Harald og dronning Sonja. Like nedanfor ligg Tollhagen, som har tent tollvesenet frå 1700-talet og fram til ca. 1900. Frå Tollhagen kan du vandra gjennom tunellen til Gruveparken, ei stor nedlagd gruve som lokale krefter har gjort om til ein vakker bade- og friluftsarena.


Den andre delen av løypa fortset i Mosterhamn ved den best bevarte av dei mange kalksteinsomnane i regionen. Løypa tek deg vidare frå Mosterhamn på delar av den gamle postvegen (stig) langs Bømlafjorden og inn på Marmorvegen på Notland. Dette idylliske området skiftar mellom ope terreng med utsikt mot fjorden, og tett lauvskog. Her på Notland skjuler det seg fleire historiske gruver med utskipingssystem og kaianlegg  som fortel den unike historia om Marmor- og kalksteinsdrifta i Synken som har sett preg på Moster frå 1000-talet og fram til moderne tid. Frå Notlandsvåg kan du følgja hovudvegen tilbake til Mosterhamn igjen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 42' 3" N / 5° 22' 57" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad