





På seminar og konferanse kan ein trenge ein god pause frå sin eigen agenda. Og få pauser er betre enn den pausen som gir både meining, inspirasjon og, ikkje minst, latter!
I ein totalrenovert prestegard frå 1906, har Linda Eide og andre eldsjeler på Voss etablert ein scene for underhaldande folkeopplysning. Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss.
No tilbyr kapellankåken og Linda Eide «Kulturpause i Kåken». Ein inspirerande kvalitetspause, i omgivelsar med sjel. Med andre ord, nok ein god grunn til å legga neste møte eller storsamling, til Voss.
Klikk her og sjå kva foredrag de kan oppleva i Kapellankåken
Kapasitet
Maks 85 personar. God stemning blir det med alt frå 20 til 85. Dersom de har grupper over 85 personar er det mogleg å senda førespurnad på framsyning på eige hotell, men opplevinga blir aller best i Kapellankåken.
Varigheit
Ca 60 min foredrag (eller etter ynskje)
Ca 90 min totalt (eller etter ynskje)
Stad
Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ullestadvegen 10. Ein fin spasertur på 5 minuttar frå sentrum. Det er bar i huset, så ein kan få servert forfriskningar, både med og uten alkohol.
Pris
Kulturpause inkludert leige av kåken, foredrag/framsyning og teknikk Kr. 75.000,-
Kilde: Destinasjon Voss