Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Kulturpause i Kapellankåken

På seminar og konferanse kan ein trenge ein god pause frå sin eigen agenda. Og få pauser er betre enn den pausen som gir både meining, inspirasjon og, ikkje minst, latter!

I ein totalrenovert prestegard frå 1906, har Linda Eide og andre eldsjeler på Voss etablert ein scene for underhaldande folkeopplysning. Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. No tilbyr kapellankåken og Linda Eide «Kulturpause i Kåken». Ein inspirerande kvalitetspause, i omgivelsar med sjel. Med andre ord, nok ein god grunn til å legga neste møte eller storsamling, til Voss. Klikk her og sjå kva foredrag de kan oppleva i Kapellankåken Kapasitet Maks 85 personar. God stemning blir det med alt frå 20 til 85. Dersom de har grupper over 85 personar er det mogleg å senda førespurnad på framsyning på eige hotell, men opplevinga blir aller best i Kapellankåken. Varigheit Ca 60 min foredrag (eller etter ynskje) Ca 90 min totalt (eller etter ynskje) Stad Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ullestadvegen 10. Ein fin spasertur på 5 minuttar frå sentrum. Det er bar i huset, så ein kan få servert forfriskningar, både med og uten alkohol. Pris Kulturpause inkludert leige av kåken, foredrag/framsyning og teknikk Kr. 75.000,-

Last updated: 12/15/2023

Source: Destinasjon Voss

Kulturpause i Kapellankåken

Sider du nylig har besøkt