Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Ålesund

Kunstklubben: Magne Bruteig // Parken kulturhus i Ålesund

Book
Kunstklubben: Magne Bruteig // Parken kulturhus i Ålesund

Foredrag: Sigurd Winge – Kunstnaren bak Båtfrisen i Parken kulturhus.

Arrangør: Kunstklubben i Ålesund

Då Ålesund by feira 150 år i 1998, vart delar av Sigurd Winges kunstverk frå sildefisket «Båtfrisen» utsmykking i det nye Parken kulturhus.

Sigurd Winge var fødd i Hamburg i 1909, og døydde i Trondheim 1970. Han var elev av Axel Revold ved Statens Kunstakademi og var påverka av tysk ekspresjonisme. Han er særleg kjent for dei grafiske arbeida sine og sin monomentalkunst.

No når Ålesund fyller 175 år, vil dei siste 13 av det totalt 30 meter lange kunstverket komme på plass i Parken kulturhus. (kunstverket heng i trappeløpet opp til inngangen til salen). Båtfrisen, som kunstverket blir kalla, vart vist på Verdensutstillingen i New York i 1939. I 1969 vart ho innkjøpt av Nasjonalgalleriet, no Nasjonalmuseet, som igjen har lånt ut ein del av denne til Parken kulturhus. Bakgrunnen for kunstverket er ein vekelang fisketur (på sildefeltet) som Sigurd Winge, Rolf Nesch og Olav Strømme var på i 1938.

Kunstnaren Ørnulf Opdahl som var med å realisere innlånet av den første delen av Båtfrisen i 1998, er også denne gongen med på å realisere innlånet som i løpet av jubileumsåret vil få Båtfrisen i sin heilskap til Parken kulturhus.

For å bli meir kjent med kunstnaren Sigurd Winge, vil Kunstklubben Ålesund den 1. mars invitere til eit foredrag om kunstnaren og om Båtfrisen spesielt. Den som vil snakke om dette er Magne Bruteig, han er kunsthistorikar, musikar og tidlegare førstekonservator ved Munchmuseet på Tøyen.

Last updated: 09/07/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Kunstklubben: Magne Bruteig // Parken kulturhus i Ålesund

Book

Sider du nylig har besøkt