Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Førde

Kunstutstilling av Metha Haugsbø i Lida og VENERUDLING (Speed friending), på Huldri Galleri

Kunstutstilling av Metha Haugsbø i Lida og VENERUDLING (Speed friending), på Huldri Galleri

Laurdag 1. april opnar dørene på Huldri Galleri. Kl. 14:00 skal kunstnaren fortelje om bileta og boka si. Laurdag kl. 19 opnar dørene for venerudling.

KUNSTUTSTILLING:
Bipolaritet har fleire tydingar. Det er ein diagnose (som eg har), og det er eit ord som beskriv noko som har to ulike polar eller ladningar. Sjukdommen bipolar er ikkje vakker, og eg skulle gjerne vore den forutan. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan få til vakre ting sjølv om ein har den. Det er trass alt noko vakkert i motsetningar, og eg har i det siste leika med motsetningar i kunsten – motsetningar i samspel.Motpolar vert jo tiltrekt av einannan. Så kva skjer når motpolane møtast i midten? Det er det eg prøver å gjere med denne sjukdommen – å hindre at eg er for mykje på den eine eller andre polen. I staden for skal eg finne eit rom i midten – men for all del, ikkje ein flat strek ( for vi veit alle kva ein flat strek indikerer). Nei, ein plass som rommar det aller vakraste av alt – livet, med alle sine opp- og nedturar. Og nokre turar til sida. Og nokre forbi. Og nokre gjennom. Og litt rundt og rundt. Og så tilbake igjen. Og eit lite hopp. Du skjønar teikninga. Livet er rotete, uforutsigbart, motsigande og vakkert.Kan ein ta det beste frå den eine motparten og det beste frå den andre og lage noko vakkert i midten? Det er det eg ønsker å utforske med denne utstillinga.Opningstider:
Laurdag 1. april kl. 13:00 – 18:00
Søndag 2. april kl. 12:00 – 17:00
Måndag 3. april kl. 17:00 – 21:00Laurdag 1. april opnar dørene på Huldri Galleri kl. 13:00 med velkomstdrink - det er gratis inngang. Kl. 14:00 skal eg fortelje litt om bileta som er utstilte og boka mi, «Ingen må vite det». Boka handlar om at livet og utfordringane mine vart meir overkommelege når eg lærte meg å snakke om korleis eg har det, og at det førte til behandling og eit nytt syn på psykisk helse, noko som redda livet mitt.Det vert høve til å kjøpe boka på staden, og det vert sal av lodd alle dagane, der vinnarane vert trekt måndag. Det vert loddtrekning om to premier:
- Signert eksemplar av «Ingen må vite det»
- Valfri plakat av line art – det vert nokre utstilte eksemplar ein kan velje mellomEg gler meg til å sjå deg der!
___________________________________VENERUDLING (Speed friending)
Laurdag kl. 19 opnar dørene for venerudling på Huldri Galleri ❤
Venerudling/speed friending er ein kjekk måte å møte nye folk på, for alle! Om du er nytilflytta og ønsker å møte folk, eller vore her heile livet og vil utvide nettverket ditt, så blir dette ein kjekk kveld for deg!
Konseptet er enkelt: Ein blir plassert på eit bord med ein annan person, så får ein ei lita stund til å bli kjent før ein skal vidare til neste bord og møte ein annan!
Ateliérbaren er på plass til kvelden, så dette blir ein fin moglegheit til å mingle og kose seg i fine omgjevnadar.Påmelding til venerudlinga, laurdag 1. april:
Send epost til huldrigalleri@gmail.com
og VIPPS 100,- per pers til #789684
Skriv namna på dei du melder på 🙂Vi gler oss til å ta imot deg!

Last updated: 02/10/2023

Source: Visit FjordKysten

Kunstutstilling av Metha Haugsbø i Lida og VENERUDLING (Speed friending), på Huldri Galleri

Sider du nylig har besøkt