Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kurs i alpin skibestigning med Wild Voss

Ser du fram til vårskiturar høgt til fjells? Dette Kurset gir basiskunnskap og ferdigheiter som trengst på ryggtraversar, i bratte snøflankar og klatreterreng. Lær å bruke isøks, stegjern, fjellsikring og tauhåndtering. Dette kurset byr på lange vårdagar med toppturar, flotte nedkøyringar og mykje praktisk trening. Målet med kurset er å gjere deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på moderate vårskiturar i alpine fjellområder.

Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Raundalen og Raundalsryggen nær Voss har mykje terreng som eignar seg godt til denne typen kurs - både på nordsida og sørsida. Vi etablerer teltleir i Horndalen nord for Horndalsnuten fredag kveld. Frå leiren ved tregrensa har vi kort veg til mykje godt øvingsterreng og er sikra innhaldsrike dagar utan å bruke mykje tid på transport og anmarsj.Plan for gjennomføring
Oppmøte blir ved Skiple i Raundalen (Google maps) fredag kl 18.00. Der pakker vi alt utstyret i sekk eller pulk og følger stølsvegen til fjells. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår ustyr. Vi planlegg ôg turen neste dag.  Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Raundalsryggen har mykje terreng som er godt eigna for dette kurset. Val av område heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs.  Deltakarane organiserer sjølv transport, og alle måltid undervegs på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips og råd om du treng det.  ​ ​Kurset avsluttast sundag innan kl 19.00. Alle får kursbevis. For meir informasjon, så kan du sjekke nettsida.
Har du spørsmål om kursinnhold, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til post@wildvoss.no eller ring 93484041. ​​

Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

Kurs i alpin skibestigning med Wild Voss

Sider du nylig har besøkt