Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Kurs i tradisjonell ølbrygging med kveik, Eldhuset Dale, på Voss

Kom og lær om den eldgamle bryggetradisjonen på kurs i ølbrygging med kveik og sprakje. Ein komplett brygging av tradisjonsøl i eldhuset tek 10-12 timar, difor har me laga eit kursopplegg over 3 dagar.

Heimabrygg, gardsøl eller Vossaøl er namn på ølet som i uminnelege tider har vore brygga på gardane på Voss. Saman med nokre få andre plassar i landet har tradisjonen overlevd her til moderne tid.

Ølet er ulikt moderne øltyper då det både inneheld einer og oftast vert brygga over open eld i koparkjele, i eldhus. Tradisjonelt blei ølet servert utan kolsyre i ølkjenge, eit drikkekar med hankar dekorert med hestehovud.

Det som gjer heimabrygget heilt unikt er kveiken. Kveik er ein ølgjær som har vore brukt på gardane, og som har blitt overlevert frå genereasjon til generasjon. No viser moderne DNA-analyse at kveiken er ein unik grein på slektstreet til alle ølgjær i verda.

Vil du læra å brygga sjølv er dette kurset perfekt for deg!

Info:
Sesong: april-desember
Dagar: ons-fre eller fre-sun
Start og slutt-tidspunkt: Bryggedag 07:00 til 19:00
Aldersgrense: 18 år
Inkludert: Overnatting i Gamlahuset, bryggekurs, enkel servering (kvelds fredag, lunsj laurdag) middag laurdag og smaking av brygg.
Kurshaldar: Kjetil Dale, kulturberar og ølbryggjar.
Krav til bekledning: klede etter årstida som tåler røykelukt og skit.
Pris per person: 5500 per person.

Ekskluder: Frukost.

Kurshelg:
Fredag: Gruppa kjem til garden på fredag ettermiddag/kveld. Kjetil går igjennom planen for helga og fortel kva som skal skje, i tillegg blir det enkel matservering.
Laurdag: Dette er bryggedagan. Dagen startar kl 07:00 og varar til ca 19:00. Det blir fleire pausar gjennom dagen og det er mange turmogelegheiter i nærleiken om ein ynskjer å sjå meir av landskapet rundt gården. Til lunsj blir det enkel servering, med spekemat frå Skår gard og flatbrød. På kvelden blir det middag i gamlahuset. Kjetil oppsummerer dagen og det blir smaking av brygg.
Søndag: Avreise.

Hugs å handle frukost. Det er ikkje butikk i gangavstand frå garden.

Overnatting:
Gamlahuset er bygd i 1860, og renovert mellom 2013-18. Huset har til saman 8 sengeplassar, eit lite kjøkken og ei stove. Bad med dusj og toalett. I det gamle mjelkerommet i låven er det vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, toaletter og dusj.

Garden ligg idyllisk til mellom bakkane i skogen. Herifrå har du utsikt til Lønahorgi og fjella over Fenne.

Les meir om overnattinga her:
Overnatting gamlahuset.

Last updated: 01/26/2024

Source: Destinasjon Voss

Kurs i tradisjonell ølbrygging med kveik, Eldhuset Dale, på Voss

Sider du nylig har besøkt