Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Oldedalen

Kvamssetra Utanfor og Innanfor

Kvamssetra

Område: Oldedalen Type: Fottur Gradering: Middels Lengde: 1,3 km Sesong: Heile året

Informasjon:

Kvamssetra Utanfor:
Kvamssetra er ein passande tur for alle og ein kvar. Med middels gradering kan heile familien bli med på turen. Stien til Kvamssetra går opp gjennom fjellsida nord for Kvamselva. Stien en godt merka heilt fram til Setervollen. Stien opp er til setra er bratt, men fin å gå. I dei brattaste partia er det murt opp trapper. Det er også kjetting for å gjere oppstigning enklare. Frå setervollen kan ein nyte utsikta over den majestetiske Oldedalen. Ein kan sjå Melkevollsbreen i sør og Sunde i nord. 



Stien til Kvamssetra utanfor snor seg oppgjennom fjellsida på nordsida av Kvamselva. Du finn startpunktet ved å ta til høgre rett etter brua. Stien er merka heilt fram til setervollen. Stien opp til Kvamssetra utanfor er bratt, men fin å gå. I dei brattaste partia er det murt opp trapper og montert kjettingar for å gjere oppstiginga enklare. Selet på Kvamssetra utanfor høyrer til garden Utogned. Frå setrevollen kan du nyte utsikta over Oldedalen frå Melkevollsbreen i sør, til Sunde i nord.
I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.

Kvamssetra Innanfor:
Turen til Flatsteinbu er ein bratt topptur til platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreen. For å kome til Flatsteinbu går ein først opp til Kvamssetra innanfor. Dette er ein bratt etappe, men god sti gjer det til ei fin oppstiging. Frå sela på Kvamssetra flatar stien ut og ein held fram bakover Kvamsdalen. Her kan ein nyte utsikta både ned mot Oldedalen, men også innover Kvamsdalen mot fossen. Siste etappe kan vere litt krevjande då ein må gå bratt/klatre opp siste fjellpartiet. Det er montert fast kjetting og boltar i fjellet for å gjere oppstiginga enklare. På toppen finn ein Flatsteinbuhytta og ei sikringsbu. Hyttene er private, men opne for alle som vil bruke dei. Dei som overnatter på hytta legg pengar på bøssa eller fører over pengar til kontonr. 3770 10 28903 som oppgjer for overnatting og bruk av brensel og lys. Der er også gassoppvarming og kokemoglegheiter.
Flatsteinbu vart reist i 1969 av nokre ivrige oldedøler, og alt bygningsmateriale er bore opp til 1260 moh. Hytta vart restaurert og utbygd i 2005. Om ein held fram ca 10 minutt bakover fjellplatået frå hytta, kjem ein til eit flott utsiktspunkt der ein kan sjå Brenndalsbreen og fleire 100 meter rett ned i Brenndalen.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Kvamssetra Utanfor og Innanfor

Sider du nylig har besøkt