Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Florø

Kvanhovden Fyr

  • Hovden, Flora
  • 90133023
  •  /  km From You
Overview

Vil du oppleve noko utanom det vanlege?

Då er overnatting på ein fyrstasjon noko for deg. Kvanhovden Fyr ligg like utanfor Florø, ca, 30 min. køyring med båt. Ytst ute i havgapet, kor himmelen går i eitt med havet, finn ein fyret. Heilt oppe på ei klippe ligg huset, og herifrå har ein eit utsyn utover sjøen som ikkje kan skildrast med ord. I fint vêr kan ein sette seg på terrassen utanfor huset, og nyte solnedgongen og roen. Men dersom vinden bles som allar krappast er opplevinga endå større. Ein føler seg liten når bølgjene slår opp over stuevindauget, man samtidig svært trygg inn ei eit fyrtårn som har stått mot stormar og vind i over 100 år.

Praktisk informasjon:

Det er 10 sengeplassar i fyrboligen, fordelt på 3 soverom. Her er det enkle senger med dyner og puter. Sengetøy må ein ta med sjølv. 


Hovedetasjen består av kjøkken, stove, kontor og eitt soverom med 3-5 sengeplassar.


Loftetasjen består av gang, bod og bad med liten hyttedo, og 2 soverom med 3-5 soveplasser.


I kjelleren er det toalett. Innlagt straum og vatn, varmt/kaldt vatn på kjøkken og bad.


På kjøkkenet er det gasskomfyr, vannkoker, kaffitrakter, kjøleskap og eit lite fryseskap. Kjøkkenet har dekketøy til 15 personar. 

Reise hit:
Det går rutebåt frå Florø til Barekstad på Hovden fleire gongar dagleg. Det går minibuss frå kaia morgon og ettermiddag. Det er også mogleg å ordne privat bilskyss.

For å komme til fyret kan du ta buss eller bil frå Barekstad til Nord-Hovden. Herfrå er det ein flott fottur på ca 45 min til fyret. Stien er godt merka.

Det er óg mogleg å leige båtskyss frå Florø direkte til Kvanhovden Fyr. Denne båtturen tar omlag 20 minutt.


Taxibåten Havskyss (tlf: 913 48 934) og Leidulv Grytten (tlf: 901 07 358) tilbyr båtskyss i Florø-området.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 41' 46" N / 4° 49' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad