Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Florø

Kvanhovden Fyr

  • Hovden, Flora
  • +47 90133023
  •  /  km From You
Overview

Fyret står på ein hovde lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgaste plasserte fyrhus i landet, med framifrå utsikt nord og sør langs fallgarden, og vestover opne havet.

Kvannhovden fyr
I 1895 vart det bygt fyr på Kvannhovden, og lyset vart kveikt 5. november dette året. Det var ei vanleg veike-lampe, og først i 1932 fekk fyret ei kraftigare glødelampe.
Fyrvaktarane
Fyrhuset står på ein karakteristisk hovde, på øya Hovden, med lykta i vestgavlen på fyrvaktarbustaden, vel 40 meter over flomålet.
Første fyrvaktaren heitte Kristian Johannessen. Han var der i 24 år, frå 1895-1919, og såg barken "Olga" strande 6. januar 1918 om kvelden. Han fekk 18 ufrivillige gjester på fyret den natta.
Deretter følgde Andreas F. Strømmen 1919-33, Andreas P. Steinnes 1933-46, Sigurd Wigdel 1946-68. Wigdel var den siste som budde der med familie, før dei gjekk over til vaktordningar (tørnstasjon). Deretter følgde Knut Myrene 1968-71, og den siste fyrmeisteren var Karstein Gimmestad 1971-78. Han delte vaktene med Andreas Strømmen frå Hovdevåg og Einar Skavøy frå Ånnøya. Desse tre var dei siste fyrvaktarane på Kvanhovden.


Søndag 6. januar 1918 ca. kl. 8 om kvelden stranda den svenske barken "Olga" ved Kvannhovden fyr. Kaptein Nils Halberg klarte å manøvrera barken inn i Søre Kvannhovdevika der dei vart ståande på grunn. Mannskapet klarte å berga seg i land og vart der møtt av fyrvaktaren som førte dei til husa ved fyret. Skipet vart vrak.


Gardsbruk
I førstninga var fyrmeisteren åleine og budde der heile året med familien sin. Etter krigen vart det tilsett fyrassistent og bygt eigen assistentbustad i 1949. Av denne står den støypte grunnmuren att. Sjølve huset vart selt til nedriving i 1969 og flytta frå Kvannhovden til Florø. Det var Martin Domben som kjøpte, og huset står like nordvest for Gaddevågbrua i dag.
I mange år vart det drive gardsbruk på Kvannhovden, og det voks bra med gras, berre ein kunne berge høyet for blåsten. Det var ein del som skulle i hus, for den gongen var det både kyr, sauer og ein hest på Kvannhovden. Arealet var 120-130 dekar, så det var mykje å fare over med ljåen mellom den runde, sjøslipte steinen som det framleis ligg ein god del av på dette eidet mellom Skårekinna og Kvannhovden. Wigdel var den siste som dreiv bruket. Han dreiv med ein del sauer fram til han slutta på 1960-talet.

Automatisert i 1980
Kvannhovden fekk to elektriske aggregat i 1960, og vart automatisert med straum frå YFK (Ytre Fjordane Kraftlag) i 1980. I dag har Kystverket leigeavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om bruk og vedlikehald av den særprega eigedomen. Det er Stiftinga "Over Stokk og Stein", Midtgulen i Bremanger, som står for dei praktiske gjeremåla.


Tekst: Fylkesarkivet Sogn og Fjordane
www.fylkesarkivet.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 41' 46" N / 4° 49' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad