Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Fiske på Kjøsnesfjorden

Saman med Nils-Einar frå Kjønes Feriehytter kan du vere med å jakte på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Er du klar for ein skikkelig fisketur? På ein guida fisketur tek Nils-Einar deg med ut på fjorden når kvelden senkar seg – den perfekte tida for å få napp. Med lokalkjend guide, båt og alt utstyr inkludert, treng du berre å møte opp og nyte turen. Dette er ei oppleving som passar både nybegynnare og erfarne fiskarar, og fiskegaranti gjer at alle kjem heim med fisk!

Kor startar guida fisketur med Kjøsnes Feriehytter?

Fisketuren startar frå Kjøsnes Feriehytter, lokalisert i kartet under. Prisen inkluderer guide, båt, bensin, fiskeutstyr og redningsvestar. Alt du treng å ta med deg er passande klede for vêret som er meldt den dagen og godt humør. Maks fire personar kan vere med på denne turen.

Book opplevingar på e-post: nils-einar.kjosnes@tine.no

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Sider du nylig har besøkt