Runde

Kveldstur med lundesafari frå Ålesund til Runde

  • Fuglekikking på Runde.
  • Lundesafari på Runde.
  • Folk får guiding i lundeura på Runde.
  • Akerendamutstillinga på Runde Miljøsenter.
  • fuglefjellet på Runde
  • Fuglekikking i lundeura på Runde.
  • Ein flott dag for lundesafari på fuglefjellet på Runde.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 70080800

  • Rundavegen 237

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Vis i kart

Møt lundefuglen der land møter storhavet – magisk kveldstur på Runde på forespørsel for grupper, april–juli.

Naturrettleiaren gir deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya – og historia om den ekte gullskatten frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

Denne turen er på forespørsel for grupper i sesongen april - juli

Du reiser med hurtigbåt og buss til Runde Miljøsenter, der ein dyktig naturrettleiar tek imot og viser deg rundt i utstillinga. Etterpå får du sjå filmen Havets sølv – ein flott naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde. Omvisinga blir avslutta med middag før turen går vidare til fuglefjellet.

Turen opp til fuglefjellet tek om lag 45 minutt. Undervegs er det mykje å sjå og oppleve, med fleire stopp på ruta. Oppe på fuglefjellet får du god tid til å sitje og nyte utsikta og dei fantastiske sjøfuglane. Med litt flaks kan du avslutte kvelden med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.

Etter turen går bussen tilbake til hurtigbåtkaia for retur til Ålesund.

Praktisk informasjon

Turen startar frå Ålesund med hurtigbåt kl. 15:55 til Hareid. På Hareid ventar privat transport som fraktar deg vidare til Runde. Etter fjellturen går same transport tilbake til Hareid for korresponderande hurtigbåt. Ankomst Ålesund kl. 23:15.

Dette er inkludert

Privat busstransport Hareid–Runde tur/retur

Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturfilmen Havets Sølv

Husets fiskesuppe med heimbaka brød, kaffe/te

Transport frå Miljøsenteret til starten av stien til fuglefjellet

Naturrettleiar på tur til fuglefjellet og lundeura

Sitteunderlag og kikkert til utlån

Ikkje inkludert: Båttransport Ålesund–Hareid tur/retur.

Hugs: Kle deg etter vêret. Vasstette sko, vind-/regnjakke og varme klede blir tilrådd.

  • Guidede turer

Kilde: Ålesund & Sunnmøre