Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kveldstur med lundesafari frå Ålesund til Runde

Book

Bli med på ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på både lundefuglen og andre fuglar.

Naturrettleiaren vil gje deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya, og sjølvsagt historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

Om turen

Du reiser med hurtigbåt og buss til Runde Miljøsenter. Der blir du møtt av ein dyktig naturrettleiar, som gir ei om omvising i utstillinga vår, etterfølgd av filmen "Havets sølv", ein fantastisk naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde. Omvisinga blir etterfølgd av middag, innan de drar opp på fuglefjellet.

Turen opp på fuglefjellet tar 45 min. På vegen er der masser å sjå og opplev og me kjem då til å gjere fleir stopp. Oppe på fuglefjellet blir der god tid til å sitje og nyte utsikta og dei fantastiske sjøfugl. Er du heldig, avsluttar du turen med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.

Etter endt tur tek bussen deg trygt tilbake til hurtigbåtkaia, for å returnere til Ålesund.

Praktisk informasjon

Turen startar frå Ålesund med hurtigbåt kl. 15:55 til Hareide. På Hareid blir du møtt av West Auto, som fraktar deg til Runde. Etter fjelltur blir du transportert tilbake til hurtigbåten på Hareide. Ankomst Ålesund 23:15.

Inkludert i aktiviteten

Privat busstransport frå Hareid – Runde

Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturdokumentaren Havets Sølv, frå sunnmørskysten

Husets fiskesuppe med heimbaka brød, kaffe/te

Transport frå Runde Miljøsenter til starten av stien til fuglefjellet

Egen naturrettleiar på tur til fuglefjellet og spesielt lundeura der lundefuglen hekkar

Sitteunderlag og kikkert til utlån

Privat busstransport frå Runde – Hareid (til korresponderende hurtigbåt)

Turen inkluderer ikkje

Båttransporten frå Ålesund til Hareid og retur.

HUGS: Du må kle deg etter vêret. Vi tilrår vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Kveldstur med lundesafari frå Ålesund til Runde

Book

Sider du nylig har besøkt