Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kolgrov

Kverhella Hytter

Ytterst i havgapet finn du Kverhella hytter. Eit paradis ved enden av vegen. Her har du storhavet som nærmaste nabo.

Kverhella ligg i Ytre Sula i Solund kommune og er perfekt for deg som vil oppleve naturkreftene og det spektakulære landskapet. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Kverhella hytter har 4 hytter til utleige heilt ved sjøkanten. Kvar hytte har plass til 6 personar og kan leiges heile året. Her er tilrettelagt for deg som likar å fiske med sløyebenk og frys. Kvar hytte har varmepumpe og fiber.

EININGAR PERHÅLA

Har tre soverom + hems, og to bad. Her er det plass til 6 personar.

NØSTE

Har tre soverom + stor hems. Her er det plass til 6 personar.

LITAGO

Har to soverom + stor hems. Her er det plass til 6 personar. Litago har og takterrasse.

SJØBUA

Har fire soverom og to bad. Her er det plass til 6 personar .

BÅTUTLEIGE

Kverhella hytter har 5 aluminiumsbåtar til disposisjon. Båtane er frå 19 - 22 fot og har 60 - 150 hk motor på. ​​​​​​

Last updated: 09/11/2023

Source: Visit FjordKysten

Kverhella Hytter

Sider du nylig har besøkt