Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Hyllestad

Kvernsteinsparken

  • +47 458 71 940
  •  /  km From You
Overview

I Kvernsteinsparken reiser du tilbake til vikingtida og mellomalderen og møter ei ukjend side av denne tida: Vikingane som dyktige handverkarar og handelsfolk!

Sjå dei imponerande steinbrota og prøv deg som handverkar: Du kan male korn, bake brød, lage steinsmykke, prøve oppstadveven eller kose deg ved bålet. 

Om Kvernsteinsparken

Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum kor du reiser tilbake til vikingtida og mellomalderen. Du vil møte ei ukjend side av denne tida: Vikingane som dyktige handverkarar og drivne handelsfolk.

Det var stein som var Hyllestad sitt "gull": I hundrevis av steinbrot jobba det steinhoggarar som tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Utan kvernstein ingen mat! Ville du ete brød eller graut, måtte du først male kornet på ei handkvern eller vasskvern for å få mjøl. Kvernsteinshandelen i Hyllestad var ei god inntektskjelde - for dei som eigde land og satt med makta.

I Kvernsteinsparken tar vi deg med på tur gjennom steinbrotslandskapet. Her sleit vikingane for 1000 år sida, her var det dyktige nevar, sveitte og kanskje tårer når nok ein stein gjekk sund. Dette var ei verd kor det var heilt avgjerande å kunne lage ting med sine egne hendar.

Etter steinbrotsturen kan du sjølv bruke hendene dine: Du kan male korn, bake brød, lage klebersteinssmykke, prøve deg på oppstadveven eller kose deg ved bålet med noko godt å ete.

Utanom opningstid kan du gå tur gjennom steinbrota på eiga hand.

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Vaksne 50,- Born 30,-

Opening hours

17. jun 2017 – 27. aug 2017:
tirs ons tors fre lør søn 10:00–17:00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad