Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Kvinnafossen

Kvinnafossen Leikanger
Kvinnafossen Leikanger

Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. Under snøsmeltinga, eller når det har regna mykje, driv vatnet over bilvegen.

Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. 


Når snøsmeltinga er på det sitt sterkaste må du rekne med å køyre gjennom ein nesten ugjennomtrengeleg kaskade av vatn når du passerer Kvinnafossen. Du møter han eit kort stykke frå Hella på riksvegen mellom Hella og Leikanger / Sogndal.

Det heiter seg at når Kvinnafossen er på ein viss storleik skal du kunne skimte ein kvinneskapnad i fossen. Då må du gjere slik som turistskipa i gamle dagar; gå heilt opp under land med båt.

Ei anna soge fortel at fossen fekk namnet sitt då ei kvinne datt uti og miste livet der. Mange meiner likevel at namnet ikkje handlar om kvinne i det heile, men at fossen kvin eller hyler når han er stor nok ("Kvinafossen").

Kilde: Visit Sognefjord AS

Kvinnafossen

Sider du nylig har besøkt