Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Rosendal

Kvinnherad kyrkje, Sunnhordland

Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen avdi mange meiner ho er ei av dei vakraste middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein rundt år 1250.

At Kvinnherad kyrkje er så vakker viser at Rosendal har vore eit rikt og viktig senter for kristendomen. Alteret i stein har hulrom med plass til relikvier, som er eitt av fleire minne frå katolsk tid.

Frå 1678 fram til 1910 var kyrkja eigd av Baroniet Rosendal, som stod for oppussing og dekorering i dette tidsrommet.

Himlinga er strødd med stjerner og andre himmellekamar for å gje kyrkjelyden ei kjensle av å sitja under Guds himmel.

Omlag 1670 vart gravkammeret for Rosenkrantzfamilien bygd, og det er framleis intakt med vakre sarkofagar.

Altertavla vart måla av Hans Sager i 1705 på oppdrag frå baron Aksel Rosenkrantz. Altertavla viser nattverden, krossfestinga og oppstoda.

Kyrkja er open for omvising etter avtale.

Last updated: 01/30/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kvinnherad kyrkje, Sunnhordland

Sider du nylig har besøkt