Rosendal

Kvinnherad Kyrkje

  • Kvinnherad kyrkje i Hardanger, bygd i kvit stein med fjell og fjord som bakgrunn.
  • Kvinnherad kyrkje ligg vakkert til i landskapet, med gravplass og majestetiske fjell omkring.
  • Den middelalderske Kvinnherad kyrkje med grønne bakkar og fjell i bakgrunnen.
  • Orgelet i Kvinnherad kyrkje, eit sentralt element i kyrkja si rike musikktradisjon.
  • Alteret i Kvinnherad kyrkje med kunst frå renessansen og varme fargar i stein og tre.
  • Den utskorne preikestolen i Kvinnherad kyrkje, rikt dekorert med tradisjonelle motiv.
  • Interiør i Kvinnherad kyrkje, med treskurd, lysekroner og skip hengande frå taket.
  • Utsyn frå galleriet i Kvinnherad kyrkje, med utsikt over benkerader og alter.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 90 53 19 10

  • Bjørkesvegen 26

    Kvinnherad, Vestland

    Vis i kart

Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen då mange meiner ho er ei av dei vakraste middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein kring 1250 og har vore ei av fire hovudkyrkjer i Hordaland. Dette syner at Rosendal har vore eit rikt og viktig senter for kristendomen.



Alteret i stein har holrom med plass til relikviar, eitt av fleire minne frå katolsk tid. Frå 1678 fram til 1910 var kyrkja eigd av Baroniet Rosendal, som stod for oppussing og dekorering i dette tidsrommet. Himlinga er strødd med stjerner og andre himmellekamar for å gje kyrkjelyden ei kjensle av å sitja under Guds himmel.



Omlag 1670 vart gravkammeret for Rosenkrantzfamilien bygd, og det er framleis intakt med vakre sarkofagar. Altertavla vart måla av Hans Sager i 1705 på oppdrag frå baron Aksel Rosenkrantz, og syner nattverden, krossfestinga og oppstoda.



Kyrkja er open for omvising i høgsesongen for enkeltpersonar, elles for grupper etter avtale.


  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS