Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Kvinnherad

Kvinnherad Turistinformasjon, Rosendal

  • 53 48 42 80
  •  /  km From You
Overview

Kvinnherad turistinformasjon held til i Folgefonnsenteret i Rosendal.

Kvinnherad er ein vidstrekt kommune som ligg langs Hardangerfjorden ved Folgefonna nasjonalpark. Kommunen har 13.200 innbyggjarar og regionsenteret er Husnes.

Turistbygda Rosendal er kjent for Baroniet Rosendal, som er den mest besøkte attraksjonen vår. Folgefonnsenteret opna mai 2017 og er eit spennande senter for deg som ønskjer å læra meir om naturen på Folgefonnhalvøya og miljøet her.

Skal du besøkje Kvinnherad kan det godt hende at du kjem til å gå ein av dei 69 flotte turstiane vi har merka og skilta.

Ønskjer du å vera med på aktivitetar i naturen er det fleire som tilbyr spennande opplegg. Både Folgefonni Breførarlag og Rosendal Event har ferdige og skreddarsydde opplevingar du kan vera med på. Eksempel: Padling på Møsevatnet, inn mot Folgefonna eller guida fjellturar og breturar. 

Andre stader vi anbefalar deg å besøkje er:

Halsnøy Kloster, Halsnøy
Fjelberg Prestegard, Fjelbergøy
Handlesenteret Husnes
Rødtunet og Skulemuseet Haugland gamle skule, Uskedalen
Nistovetunet, Omvikdalen
Galleri G Guddal, Seimsfoss
Malmanger gamle prestegard, Rosendal
Steinparken, Rosendal
Vangssago, Rosendal
Galeasen Gurine, Rosendal
Rosendal putballpark
Overnatting i Kvinnherad på Visit Sunnhordland.

Mange kjem også til Kvinnherad i båt og overnattar i ei av våre mange hyggjelege båthamner.

Velkommen til vakre Kvinnherad


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Opening hours

1. sep 2017 – 31. okt 2017:
lør 11:00–16:00
18. sep 2017 – 15. des 2017:
man tirs ons tors fre 10:30–14:30
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad