Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Kviteseid

Kviteseid Bygdetun

  • 35069090
  •  /  km From You
Overview
Details

Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?

Korleis såg ein velståande gard ut for 200 år sidan? På Kviteseid Bygdetun finn du svaret.

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste museum her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg også rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar. Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738. Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar'). Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet. Utsondhalli Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans. Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar". Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond ei professorstilling på akademiet. Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme. Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er i dag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun. Museet har ope kvar dag i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og eit stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41. Særutstillingar

Aktivitetar Kviteseid gamle kyrkje Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart berre reist i maktsentra og i folketette område. Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i soknet og låg ved vassdraget med mykje trafikk. Ting kan tyde på at det her også var ein handelsplass. Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

 

Museet er ope i sommarsesongen, sjå datoar til høgre og prisar nedanfor. Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Planlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig

Opening hours

1. jan 2017 - 31. des 2017: man tirs ons tors fre lør søn 00:00 - 23:59
25. jun 2017 - 15. aug 2017: tirs ons tors fre lør søn 11:00 - 17:00
See All
Click to activate
Kviteseid, Norway
The latitude and longitude
59° 21' 18" N / 8° 31' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad