Kviteseid gamle kyrkje






Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a. takmåleri av den dansk-norske kongerekkea.
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved sida av Kviteseid bygdetun, på ei vakker slette ned mot Kviteseidvatnet og Telemarkskanalen.
Kviteseid gamle kyrkje er ei hovudkyrkje i stein frå slutten av 1100-talet som er vigsla til St. Olav. Taket er dekorert i 20 felt av den kjende målaren Thomas Blix(ius) i 1714.
Kyrkja har framleis sitt opprinnelege inngangsparti med ein utskåren treboge over døra som visar to dragar samanfiltra i evig strid. Kyrkja er omgjeve av ein særs stemningsfull liten kyrkjegard.
Dei første norske steinkyrkjene blei bygd på 1100-talet, noko som er seint samanlikna med resten av Europa. Noreg hadde korkje handverkarar eller kunnskap om å bygge slike bygningar, og var avhengig av ekspertise utanfrå.
I Telemark blei det bygd 17 steinkyrkjer i mellomalderen. Åtte av desse er anten heilt eller delvis intakte. I øvre Telemark blei det bygd steinkyrkjer berre i Seljord og Kviteseid.
Omvising i Kviteseid gamle kyrkje er mogleg i sommersesongen, i opningstida til Kviteseid bygdetun.
Elles på bestilling via Vest-Telemark museum (e-post: booking@vtm.no)
mandag:
Stengt
tirsdag:
11:00-17:00
onsdag:
11:00-17:00
torsdag:
11:00-17:00
fredag:
11:00-17:00
lørdag:
11:00-17:00
søndag:
11:00-17:00
| Pris (Sjå Kviteseid bygdetun) | undefined * | 1 dag |
| * Pris fra |
Kilde: Vest Telemark
Kviteseid gamle kyrkje