Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Kysnes - Grønrimb

Fottur i variert terreng til stølen Grønrimb med fjordutsikt.

Startpunkt
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 10,1 km til Kysnesstranda. Ved hovudvegen og Øykhagen bustadfelt finn du infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida. Ta av her, på skogsbilveg. Har du bil er det avgift for å køyra denne vegen. Etter ca 1,5 km er det ein krapp sving til høgre og god parkeringsplass til venstre. Parkering på eige ansvar. Her er det også skilta til Grønrimb.

Om turen
Starten er 1,5 km oppover på ein skogsveg. Turen går først på traktorveg ca 1,5 km. Traktorvegen er ikkje merka. Frå enden av traktorvegen går du vidare i god skogsti, men litt myrlendt. Etterkvart kjem du opp i skoggrensa og terrenget vert flatare. Du må over eit myrområde (Storemyr). Stien er merka rett over myra, men dersom du ikkje har vasstett skotøy kan det vera lurt å gå på høgre sida av myra. Du kjem snart til eit lite vatn, Vesla Raunlivatnet, og går langs vatnet til eit stikryss. (Her kan du gå ned til Grotnes.) Gå mot Grønrimb. Då kjem du ned til Stora Raunlivatnet, og det er ikkje langt att til stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgit for å køyre opp til parkeringa. 
Lengde: 3,7km
Total gangtid: 4 timar
Sesong: mai-november 
Vanskegrad/gradering: Blå, middels 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Kysnes - Grønrimb

Sider du nylig har besøkt