Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

HARDBAKKE

Kystkulturpadling i Solund - Sognefjord Active

Book

Bli med på kystkulturpadling frå Hardbakke. Her kan du lære meir om lokalhistorie, geologi og dyreliv

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Bli med på kystkulturpadling frå Hardbakke. Dyktige guidar frå Norsk Kystkulturakademi vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur der du får lære meir om både lokalhistorie, geologi og dyreliv. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute og padla?

Øyriket Solund er den vestlegaste kommunen i Norge. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Frå havoverflata får du ei unik innsikt i kystkulturen, dyrelivet og geologien i området. Her ferdas du på dei gamle sjøvegane som fiskarane brukte i fleire hundre år før vegane kom til øyriket på 70-talet. Sognefjord Active hjelper deg med å handtere kajakken og kan tilby utlån av utstyr. Denne turen har ingen krav om tidligare kajakkerfaring og passar for alle. Familiar og barn får turen til rabattert pris. 

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Kystkulturpadling i Solund - Sognefjord Active

Book

Sider du nylig har besøkt