Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Flora

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

  • Brendøveien, Flora
  • +47 57742233
  •  /  km From You
Overview


Kystmuseet har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur. Vi har aktivitetar for barn og vaksne både ute og inne. I utstillingshallane får du mellom anna sjå lokale båttypar, fiskereiskapar, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Ute kan du vandre langs museumsløypa og finne informasjonsskilt om både natur og kultur. Her er det hyggelege rasteplassar der du kan ete niste, og i caféen vår finn du kaffi, kaker og kioskvarer. I sommarsesongen har vi sauer og geiter på beite i området.
Kystmuseet har samla inn lokalt materiale frå eit langstrakt og internasjonalt kulturlandskap - den atlantiske lyngheia. Den stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen, langs Biscaya til Portugal. Levemåten til menneska i dette området var i sterk grad knytt til havet. Frå havet henta dei opp fisk og andre verdiar, og på havet reiste dei ut på handelsfart eller fekk besøk av handelsskip frå fjern og nær. Men havet var lunefullt, og velstand kunne brått snu til fattigdom. Folket ved havet lærte å tilpasse seg dei svingande livsvilkåra.
Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø, dvs. ca. 30 minutt gangtid. Det går bybuss frå rutebilstasjonen i sentrum (300 meter frå hamna) kvar heile og halve time. Den bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen og derifrå er det ca. 600 meter å gå til Kystmuseet. Privatbilar kan køyre via Brendøyvegen heilt fram til parkering ved utstillingshallane.
Grupper som kjem med eigen buss, kan køyre til bussparkeringa i Båtevika og gå gangstien gjennom uteområdet fram til museet. Alternativt kan bussen setje av gruppa ved avkøyrsla til museet i Brendøyvegen. Derifrå er det 100 meter til inngangen. Obs! Bussen kan ikkje stå parkert i Brendøyvegen.
 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Opening hours

23. jun 2018 – 19. aug 2018
man tirs ons tors fre 11:00–18:00
lør søn 12:00–16:00
20. aug 2018 – 21. des 2018
man tirs ons tors fre 10:00–15:00
søn 12:00–15:00
1. feb 2019 – 22. jun 2019
man tirs ons tors fre 10:00–15:00
søn 12:00–15:00
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad