Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Flora

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

  • Brendøveien, Flora
  • +47 57742233
  •  /  km From You
Overview

Sjå glimt av dagleglivet ved kysten - frå steinalder til oljealder! Kystmuseet har hovudbase i Florø med 3 utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur.

Sjå glimt av dagleglivet ved kysten - frå steinalder til oljealder!

På Kystmuseet i Florø finn du ei stor båtsamling og gjenstandar frå bygd og by ved kysten. Her kan du besøke ei av dei største oljeutstillingane i landet og prøve å evakuere frå ei "oljeplattform"! Vi har aktivitetar for barn og vaksne - både ute og inne. Museet ligg i eit vakkert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Her kan du puste inn den friske havlufta medan du spaserer mellom gamle sjøbuer og gardstun. Kystmuseet har hovudbase i Florø med 3 utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur. På sommaren kan både små og store helse på dei søte geitene som er på beite like ved museet. 
 

MUSEET
Museet formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Lurar du på korleis Florø by var til? På museet kan du lære om framveksten av kystbyen frå 1860 og fram til i dag. På utstillinga kan du sjå velkjende element frå fest og kvardagsliv i byen - mellom anna ei spisestove frå ein handelsmann på 1920-talet. Livet på kysten er og synt fram i ei interiørutstilling med inventar frå ein fiskarheim rundt år 1900.
 

KJEKT FOR BÅDE SMÅ OG STORE
På Kystmuseet kan barna utforske livet langs kysten. På sommaren kan dei bli med på Barnas Kystmuseum! Her kan barna lage krabbesnøre, ta seg ein rotur og mate geiter. Gjennom heile året kan barna l​​​​ære om kystkulturen og ha det gøy samtidig!
 

SKIFTANDE UTSTILLINGAR
I tillegg til faste utstillingar har Kystmuseet har stadig skiftande tema- og kunstutstillingar i auditoriet. Flora Kunstlag er fast samarbeidspartnar og nyttar lokalet til sine utstillingar. 

REISE TIL KYSTMUSEET
Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø - om lag 30 minutt gangtid. Det går bybuss frå rutebilstasjonen i sentrum (300 meter frå hamna) om lag kvar heile og halve time. Den bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen og derifrå er det ca. 600 meter å gå til Kystmuseet. Privatbilar kan køyre via Brendøyvegen heilt fram til parkering ved utstillingshallane. Frå Florø sentrum følgjer du skiltinga i retning flyplassen til du ser skilt med "Kystmuseet" på. Grupper som kjem med eigen buss, kan køyre til bussparkeringa i Båtevika og gå gangstien gjennom uteområdet fram til museet. Alternativt kan bussen setje av gruppa ved avkøyrsla til museet i Brendøyvegen. Derifrå er det 100 meter til inngangen. 

 

 

Kystmuseet har samla inn lokalt materiale frå eit langstrakt og internasjonalt kulturlandskap - den atlantiske lyngheia. Den stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen, langs Biscaya til Portugal. Levemåten til menneska i dette området var i sterk grad knytt til havet. Frå havet henta dei opp fisk og andre verdiar, og på havet reiste dei ut på handelsfart eller fekk besøk av handelsskip frå fjern og nær. Men havet var lunefullt, og velstand kunne brått snu til fattigdom. Folket ved havet lærte å tilpasse seg dei svingande livsvilkåra.
Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø, dvs. ca. 30 minutt gangtid. Det går bybuss frå rutebilstasjonen i sentrum (300 meter frå hamna) kvar heile og halve time. Den bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen og derifrå er det ca. 600 meter å gå til Kystmuseet. Privatbilar kan køyre via Brendøyvegen heilt fram til parkering ved utstillingshallane.
Grupper som kjem med eigen buss, kan køyre til bussparkeringa i Båtevika og gå gangstien gjennom uteområdet fram til museet. Alternativt kan bussen setje av gruppa ved avkøyrsla til museet i Brendøyvegen. Derifrå er det 100 meter til inngangen. Obs! Bussen kan ikkje stå parkert i Brendøyvegen.
 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Opening hours

1. feb. 2019 – 21. juni 2019
ma. ti. on. to. fr. 10:00–15:00
sø. 12:00–15:00
22. juni 2019 – 18. aug. 2019
ma. ti. on. to. fr. 11:00–18:00
lø. sø. 12:00–16:00
20. aug. 2019 – 21. des. 2019
ma. ti. on. to. fr. 10:00–15:00
sø. 12:00–15:00
See All

Price

Description Price*
Voksen 80,00 Billetter
Grupper min. 10 pers. 50,00 Billetter
Billetter Barn 7-18 30,00 Billetter
Billetter Barn 0-6 0,00 Billetter
Honnør/student 50,00 Billetter
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad