Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Kystrunden i Sveio (49 km)

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview
Details

Vanskegrad: Middels/krevende Lengde: 49 km Underlag: Asfalt og grusveg

Start i Sveio sentrum og følg sykkelsti skilta til Bergen langs Rv47.
Like ved sykkelstien på Bjelland ligg eit verna våtmarksområde med rikt fugleliv. Her er det fugletårn og tursti.

Frå Haukås held ein fram på sykkelsti langs E39, forbi bensinstasjonen, til Rød.

Ta av frå E39 ved skilt til Auklandshamn. Turen går på smal og svingete bygdeveg med noko trafikk. Ved Langavatnet er det tilrettelagt bade- og fiskeplass (fiskekort).
På Eikeland driv Sveio kystlag kystkultursenter og museum, ope etter avtale.

I krysset med skilt mot Tjernagel kan ein ta ein avstikkar mot høgre til friluftsområdet Slettene med badeplass, tursti og toalett. Elles held turen fram mot Tjernagel. I Auklandshamn er det butikk, og ved butikken startar tursti til Emberlandsnipen med flott utsikt over Bømlafjorden.

På Tjernagel er det ridesenter, og ein liten avstikkar fører ned til den gamle handelsstaden. Tjernagel er eit historisk viktig område med mange fornfunn. Tjernagelshaugen, som blei riven på 80-talet, var eit viktig landemerke og er nemnt i Snorres kongesoger.

Frå Tjernagel svingar vegen til venstre mot Bua. Badeplass ved Storavatnet like ved vegen.

I krysset med skilt mot Buavåg og Bømlo kan ein velja ei kortare rute og ta rett fram mot Sveio sentrum igjen (alt.a). Her er vegen noko kupert og trafikert. Elles kan ein halda fram vidare sørover langs riksvegen forbi ferjekaien i Buavåg (toalett, venterom mm). Her kjem ein inn på Nordsjøsykkelruta som er merka vidare mot Haugesund.

I Grunnavåg sør for Buavåg er det bademoglegheit i sjø, ca 5 min på sti frå vegen. Skilt ved vegen fortel om gravrøysene på Kvitaneset like ved, og om gullgruvene på Hovda.

På Hovda er det rasteplass med utsiktspunkt der Bømlafjorden opnar seg mot Sletto.
Frå Eltravåg (merka farleg vegkryss) kan ein følgja Markavegen til Nordskog (alt.b) og tilbake til Sveio. Slakk og fin veg med lite trafikk.
Elles kan ein halda fram vidare sørover. Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS ”Thor”s forlis i 1906.

Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg er vegen skilta til Ryvarden Kulturfyr – ein avstikkar på ca 3,5 km kvar veg, men vel verd eit besøk!

Turen tilbake til Sveio sentrum kan gå på lite trafikert grusveg over Paddevegen (c), eller om Vikse og Tveit om ein ønskjer ein lenger tur. Då held ein fram til krysset i Vågedalen, der ein tek til venstre og kryssar Rv47 på Byrkjeland.
Tveitevegen (omveg på ca 5 km) er merka som sykkelsti, grunna stor trafikk og manglande sykkelsti er det ikkje tilrådd å følgja riksvegen forbi Tveit.

Resten av turen går på sykkelsti forbi byggjefeltet Krossleitet, i undergang under riksvegen og tilbake til utgangspunktet i Sveio sentrum.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

General

Effort level
  • Middels
Landscape
  • Kystområde
  • Fjordområde
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 33' 9" N / 5° 21' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad