Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Lårdalstigen

Lårdalstigen er ein fantastisk tursti mellom Dalen og Lårdal i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten 800 meter over Telemarkskanalen.

Lårdalstigen er ein fantastisk tur med spektakulære utsiktspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.

Den innerste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, har ein gjeng med eldsjeler i Lårdal rydda ein turveg som byr på mange spektakulære og spennande opplevingar. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er helt spesiell. Her kan du helse på segnfigurane "Risen og Gygri", som stend i stein frampå kanten av fjellet, eller betrakte Bandaksfjorden djupt under deg gjennom det storslegne Møyskrivet. Gløstøylnuten er høgste toppen på turen med sine 848 moh. Utsikten over fjorden og fjelli ikring er både vidt, vilt og vakkert. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Kor startar turen?
Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er også sjølvsagt mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. 

Skal me komme med ei anbefaling, er det ei finare turoppleving å starte på Dalen og gå til Lårdal. Planlegg turen og start tidleg om morgonen (kl. 08-09), så rekk du ettermiddagsbåten fint! Du må rekne ein 7-8 timar på turen (minumum 6 timar). Parker bilen din på bryggjeområdet på Dalen (langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa), her kan du stå gratis. Ring Tokke Taxi på tlf. 909 71 909 som køyrer deg opp til startpunktet i Eidsborgberget (4 km) til ein fastpris på kr. 250. 

Den totale lengda å gå heile Lårdalstigen er 14 km. Ein lang dagstur, eller du kan ta med teltet eller hengekøya og gjere det til en 2 dagars tur. Det er også en lita hytte undervegs, Heddebu, den ligg rett før du startar på det siste, brattaste partiet ned mot Lårdal. Heddebu er open for turgåarar, med sengeplass til 2 personar (drop-in). Skriv deg gjerne inn i gjesteboka her! 

Lårdalstigen er blitt utruleg populær, det syns me er veldig stas! Båtane opplever stor pågang i sesongen, og difor kan det vere greit å vite at ein også kan ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal og starte turen i Lårdal. Me vil at flest mogleg skal få oppleve turen og transportere dykk dit de skal!

Båtreisa på ein av dei gamle rutebåtane er ein vesentleg del av turopplevinga! Om det er tur eller retur, nyt turen frå dekk på M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å å bestille båtbilletten på førehand på booktelemark.no

Om båtane skulle vere fullbooka, eller det er utanom båtsesong, køyrer Tokke Taxi deg mellom Lårdal og Dalen til ein fastpris på kr. 700 for bilen. Alternativt kan du sette ein bil i kvar ende om du har moglegheit til det. Kontakt oss gjerne for råd og tips. 

Uansett kva for retning du vel, Lårdalstigen er ein krevande, men fantastisk tur! Langs turstien er det sett opp nye, flotte informasjonstavler som krydrar turopplevinga! 

Ha med godt med drikke, god niste og tursnacks, og ha på gode tursko.

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det servering og overnatting; Lårdal Marina og Bandak Camping. Ver mersam på at opningstider for servering - og overnattingstilbod kan variere vår- og haustsesong, sjekk gjerne med oss før du legg i veg slik at du er førebudd på kva som gjeld når du har planlagt turen. 

Rundtur
Om du ikkje har høve til å gå heile turen, kan du parkere i Støylsdalen og gå ei rundløype på om lag 6 km om Gløstøylnuten (848 moh) og tilbake til start i Støylsdalen. Kontakt turistkontoret for meir informasjon. 

Turfakta:
Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar ein veg 

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober (avhengig av ver-og føreforhold, sjekk med oss før du legg i veg!) 

Turkart: Tokke 1 : 50 000 og Miniguide Lårdalstigen norsk/engelsk  

Ha på vanntette tursko med gode solar, eller fjellsko, og ha med rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen i høgsesong mai-august. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.00 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55.

Om du vel å ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal, går Henrik Ibsen måndag, tysdag, torsdag og laurdag kl. 08.50 og Victoria onsdag, fredag og sundag kl. 08.00. Book båten på førehand 

I lågsesong september - oktober er det kun M/S Henrik Ibsen som går i rute, sjekk rutetidene før du legg i veg, og book båtenpå førehand!

Rutetider Telemarkskanalen

Booking Telemarkskanalen

Nyttige telefonnummer:
Booking Telemarkskanalen: +47 409 20 000

Visit Dalen: +47 35 07 56 56  Kontakt oss og kom gjerne innom oss før du legg ut på tur! Her får du turbrosjyre og god turinfo. info@visitdalen.com

Tokke Taxi: +47 909 71 909

Vandrepakke: 
Kombiner Lårdalstigen med ein historisk kanalbåttur på Telemarkskanalen og overnatting på eventyrhotellet Dalen Hotel

Frå kr 2890,- per person/natt i dobbeltrom. Pakka er tilgjengeleg i kanalsesongen.

Inkludert i pakka er båtbillett Lårdal-Dalen med frokost og 4-rettars middag på Dalen Hotel. Av hotellet får dere med ei ferdigsmurt nistepakke med smørbrød, frukt, litt annet godt og litt drikke (husk å pakke med godt med vann). Bestill vandrepakke her.

For forespørsel eller reservasjon av pakker, kontakt hotellet direkte på telefon +47 35 07 90 00 send e-post til post@dalenhotel.no eller book på www.dalenhotel.no

NB! FV450 er delvis stengd pga vegarbeid sommaren 2023, i eidsborgberget. Vegen er lysregulert (open) mellom 21.00-08.00 og 15.00-16.00 man-lør (åpent 2100 lørdag til 0800 mandag). Det vil sei at det er begrensa fremkommelighet frå Dalen og opp til starten av Lårdalstigen. Opningstidene påvegen kan variere, sjekk Statens vegvesen for meir informasjon.

OPPDATERING! FV450 vil være open frå og med fredag 7.Juli kl 21.00 - mandag 31.Juli kl 08.00.

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Lårdalstigen

Sider du nylig har besøkt