VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Lønahorgi

  •  /  km From You
Overview

Frå Lønahorgi (1410 moh) er det spektakulær utsikt. Her kan du sjå fire isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

Turen startar frå Bavallen eller Voss Folkemuseum Mølstertunet. Til Voss Folkemuseum tek du deg til fots eller med bil frå Voss sentrum, til Bavallen i Voss Resort går det bilveg.

Frå Voss Folkemuseum: Turen startar bratt ved parkeringsplassen, følg denne til Hangursrestauranten. Herifrå følgjer ein den T-merka ruta innover Hanguren på venstre sida av Valbergstjørni og vidare til ein kjem inn på køyreveg frå Bavallen. Etter eit kort stykke kan ein velja om ein vil gå køyrevegen eller T–merka rute til stikrysset ved Vådalseggi.

Frå Bavallen: Turen startar på parkeringsplassen i Bavallen. Følg køyrevegen til ein møter T-merka rute til Nyestølen, følg denne til stikrysset ved Vådalseggi.

På Vådalseggi møtast rutene frå Hanguren og Bavallen. Herifrå følg ein køyrevegen til Kvilehytta og vidare på T-merka sti til toppen av Lønahorgi.

Lengd: 20 km tur/retur. 6-8 timar.
Stigning: ca 1200 meter frå Voss Folkemuseum, ca 1100 meter frå Bavallen.
Sesong: Juni/juli - oktober
Vanskeligheitsgrad: Raud (krevjande)
Startpunkt: Bavallen eller Voss
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Ugland IT)
Merknader: T-merka både frå Bavallen og Hanguren.

Ruta er sommarmerka, skal du ferdast i område vinterstid bør du innhente nødvendig lokalkunnskap. Ruta til Lønahorgi er lang og går i høgfjellsterreng. Vær difor budd på skiftande vêr, ta med nødvendig utstyr samt kart og kompass.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages