Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Låkafossen har 30 m fritt fall, og vatnet går ned gjennom ein canyon, samt at noko av vatnet kjem ut frå ei kløft. Høgt oppe ligg det ei bergblokk over fossen, derav namnet Låket. Her kom ein tørrskodd over elva, før brua kom. Ved Låkafossen renn elva i eit trongt gjel med jettegryter. I sjølve fossen er det jettegryter med diameter frå 30 cm til ca 5 m. Ved lav vasstand kan ein gå gjennom fossen under låket. Ved høg vasstand blir fossen særs stor og ein må da være varsam. Ved lav vassføring er det og mulig å bade i kulpane lengst nede i fossen.

For å komma til Låkafossen må du fylgja skiltinga oppover Vikedalsdalen mot Roaldkvam. Det er ca 7 km frå sentrum og opp til fossen. Parker på parkeringsplass på høgre side av vegen. Nyt synet av Vikedalsdalen på rasteplassen rett ved fossen. Følg små stiar langs fossen ned til låket. For å verkelig nyte synet av heile fossen kan ein fylgja stien ned til Underbakka, ein nydelig restaurert husmannsplass. Hold til høgre og du kjem tilbake til fossen med utsyn oppover mot låket. Ein kan og oppleva Låkafossen ved å følgja skiltinga til NMK Vikedal. Parker på parkeringsplassen og kryss banen ned til botnen av fossen. Du må gå ned ei lita bratt bakke, samt gå over elva. Da kjem du til ein nydelig badeplass rett under fossen. Herfrå kan ein med varsemd utforske kulpane oppover fossen. Nydelig badeplass.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Svømming
Click to activate
Vindafjord, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 10" N / 5° 58' 46" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad