Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Suldal

Laksesafari, Elveekspedisjon og Guida fiske

  • 52 79 76 90
  •  /  km From You
Overview

LAKSESAFARI Flyt nedover Suldalslågen frå Mo Laksegard i ei solid overlevingsdrakt! Sjå villaks og sjøaure under vatn. På eit kort kurs i bassenget på Mo Laksegard får ein opplæring om sikker åtferd og korleis ta seg fram i elvestraumen i Suldalslågen i overlevingsdrakt. Kvalifiserte og røynde guidar instruerer gruppa. Ein guide er med i vatnet frå Laksegarden der straumen fører deg nedover, den andre padlar i kano bak. I rundt 2,5 km ligg ein og flyt medan ein kikkar gjennom dykkarmaska etter fisk.  Å sjå laks eller aure i det fri vil du aldri gløyma! Suldalslågen er kjent for store laksar på over 20 kg. Du fangar ikkje laksen på safari - du symjer saman med han! Utstyr: Mo Laksegard held overlevingsdrakt, dykkermaske og snorkel. T-skjorte og kortbukse må til. Vintertid sørger Mo Laksegard for ekstra varm drakt. Varighet: 2,5 timar inkludert sikkerhetsopplæring (reisetid er ikkje medrekna). Gruppestr: Minst 6, maks 30. Alle må kunne symje! Alder: Frå 14 år Sesong: Heile året unnateke 15.12. til 1.2. ELVEEKSPEDISJON På ein stabil gummiflåte opplev gruppa den kjente elva Suldalslågen i Ryfylke utan store stryk. I behageleg tempo padlar ein nedover frå Mo Laksegard, ser naturen rundt og høyrer historier om dei engelske lordane på laksefiske og livet i dalen. Strandhogg i villmarksleir med kaffekjele og steiking av pannekaker over bålet. Turen sluttar med guiding ved den buldrande Sandsfossen og besøk på Laksestudioet der (Sand). Fakta: Min. antall deltakarar 6, maks. 15 Alder: Frå 4 år i følge med voksen Varighet: 2,5 timar + reisetid Sesong: sommarhalvåret LAKS- OG AUREFISKE I SULDALSLÅGEN I Suldalslågen, den største elva på Vestlandet, tilbyr Mo Laksegard 3 gode fiskevald. Sesong for å fiske elveaure starter 1. mai, og sesong for laks og sjøaure opnar 20. juli. Fiskesesongen varer ut september, dette kan variera frå år til år. Fleire av fiskestrekningane ligg i gåavstand frå hyttene på Mo Laksegard.  Suldalslågen er kjent for stor laks og sjøaure. Det er ikke uvanleg å få laks på 10 kg, og kvart år blir laks over 20 kg tatt på fluge. Snittvekt for sjøaure ligg på 1,0 - 1,4 kg. Aure mellom 3-5 kg er ikkje uvanleg. Guide kan gje opplæring og rettleiing. Alder: Frå 4 år i følge med voksen Andre aktivitetar, t.d. tilknytta villmarkscamp, er tilbydd. Mo Laksegard ligg sentralt ved kommunesenteret Sand, Suldal i Ryfylke, 2 timar med bil frå Stavanger (2 ferjer), 1,5 timar frå Haugesund.   Hurtigbåt til Sand frå Stavanger.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad