Luster
Skjolden Llamas
Høgemovegen 3, Luster, Skjolden
Autumn
Spring
Summer
Winter
Guiding
Fakta
Årstid: Vinter
Skjolden Llamas tilbyr turar med lamaer og gårdsbesøk. Om sommaren kan du i tillegg kjøpe med deg nydelege bringebær.
Skjolden Llamas er ein del av gardsdrifta som er eigd av Simon & Monika Page. Du finn oss i "Gulbrandsgarden", Skjolden. Luster Kommune, Sogn og Fjordane, Norge.
Vi kjøpte våre 2 første lamaer sommaren 2005, og blei så imponert over desse snille og intelligente dyra at vi kjøpte 9 til året etter. I tillegg vart den første folen fødd på garden. Lamaflokken i dag, består av ca. 20 dyr.
Besøk Skjolden, møt lamaene og gled deg over ein spesiell opplevelse. Garden ligg berre 500m frå Skjoldensentrum, nær Mørkridselva.
Elvetur/Gårdsbesøk.
Møt lamaene, lær å handsame dei, og du kan leie dei på ein triveleg tur langs Mørkridselva. Minimum 2 personar/tur.
Varigheit: Ca. 1,5 time Pris: Kr. 175,-/person.
Dagstur i Mørkridsdalen Landskapsvernområde
Dette er ein guida tur som startar ved parkeringsplassen på Hyrnavollen, der Mørkridsdalsvegen sluttar (transport kan ordnast frå Skjolden). Vi følgjer Mørkridselva oppover fram til Stølshuset vi har på Liane, der ein "picnic lunch" og forfriskningar vil bli tilbydd. Du vil ha god tid til å slappe av og utforske dette området før vi returnerer til parkeringsplassen.
Varigheit: 8-9 timar. Pris: Kr. 695,-/person
Last updated: 02/29/2024
Source: Visit Sognefjord AS
Skjolden Llamas