Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Korssund

Lammetun Ferie og Fritid

  • Lammetun, Fjaler
  • +47 47283634
  •  /  km From You
Overview
Details

Lammetun ferie og fritid ligg heilt vest i Fjaler kommune på ei landfast øy som heiter Lammetun. Utsikt frå campingplass og utleigeeiningar er rett i Vilnesfjorden. Om sommaren går sola ned i havet så vi kan skilte med at vi har midnattsol. Den eine utleigeeininga vår ”Naustet” ligg 0 meter frå havet, medan den andre som heiter ”Låven” ligg ca.100 meter frå sjøen, men har to altanar med utsikt direkte til fjellet Alden og solnedgong her óg. Begge einingane er utstyrt for 4 personar. ”Naustet” har eit soverom med dobbeltseng, og ein sovealkove ved stova med dobbeltseng. ”Låven” har eit soverom med dobbeltseng og to alkovar à 90 cm. breidde ved stova. Begge einingane har med båt og påheng i leiga(15 fot med 15 hk motor). I og med at vi ligg ved sjøen er fiskemoglegheitene gode.


Aktivitetar:


Våre einingar ligg i område til Lammetun kystfort. Her har vi eit velholdt festningsanlegg frå 2.verdskrig. I same område har vi plassert ut benkar og laga bålgruver slik at ein kan slappe av og kose seg i ein vakker natur. Elles ligg vi nær fjell som har merka stier, døme ”Einingsfjellet”, ”Bygdaheia” og ”Alden”. Sistnemnde må ein i båt for å bestige, evt. kan ein ta ferja som går frå Fure til Værlandet, og leige seg båt over til øya ”Alden”. I tillegg til dette er her mykje bær og sopp for dei som likar å plukke det.


Vi driv også ein campingplass som ligg i same område som utleigeeiningane.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Overnatting

Romfasiliteter
  • kaffemaskin og/eller tekoker

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
  • Havfiskeri

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Grill-/biffrestaurant

Aktiviteter

Aktiviteter for barn
  • Lekeplass
Click to activate
Fjaler, Norway
The latitude and longitude
61° 16' 19" N / 4° 56' 46" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad