Langfoss




Det femte høgaste fossefallet i Norge Langfoss er stemt fram som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel, og har eit fall på 612 meter. Langfoss er også det femte høgaste fossefallet i Norge! Langfoss ligg midt i Åkrafjorden, og du kan sjå han frå vegen E134. Det er rasteplass og kiosk ved fossen. Her kan du stoppe opp for å sjå nærare på fossen og ta fine bilde. Du kan også gå trappene som fører deg ned til Åkrafjorden. Her kjem ein veldig nær fossen og kan føle på energien frå det høge fossefallet. På vegen ned opplever du i tillegg ein av dei flotte steinparkane i Etne. Andre fasilitetar ved rasteplassen er toalett og kiosk med sal av enkel mat, lokalmat, drikke og suvernirar. Her er og startpunkt for turen "Langfoss opp".
Det femte høgaste fossefallet i Norge
Langfoss er stemt fram som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel, og har eit fall på 612 meter. Langfoss er også det femte høgaste fossefallet i Norge!
Langfoss ligg midt i Åkrafjorden, og du kan sjå han frå vegen E134. Det er rasteplass og kiosk ved fossen. Her kan du stoppe opp for å sjå nærare på fossen og ta fine bilde. Du kan også gå trappene som fører deg ned til Åkrafjorden. Her kjem ein veldig nær fossen og kan føle på energien frå det høge fossefallet. På vegen ned opplever du i tillegg ein av dei flotte steinparkane i Etne.
Andre fasilitetar ved rasteplassen er toalett og kiosk med sal av enkel mat, lokalmat, drikke og suvernirar.
Her er og startpunkt for turen "Langfoss opp".
Kilde: Region Sunnhordland
Langfoss