Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Langs Lustrafjorden til Legene

Tur langs Lustrafjorden
Tur langs Lustrafjorden
Tur langs Lustrafjorden

Enkel tur langs Lustrafjorden frå Solvorn

Med start frå Solvorn kan du nyte utsikten til Lustrafjorden med denne enkle turen til Lægene.

Lett tur til dei veglause frukthagane og slåtteteigane i Legene. Vakker vandring langs fjorden gjennom ur og edellauvskog. Noko ulendt, men ingen bratte parti. Høgdeskilnad: 20 m.

Historie: Gangstien har vore brukt fram til ca. 1965.

Ved Sølvkanneuri har ein trudd at det har vore graven ned ein sølvskatt i ura. Ei svensk dame som meinte ho hadde synske evne fortalde rundt år 1900 denne historia: Kona til høvdingen som levde i Solvorn ein gong i vikingtida, rømde frå mannen sin med den yngste dottera og alt sølvet han åtte. Ei skrede losna i Feivallsberget og begrov dei her.

Legene: Gamal slåttemark og frukthagar.
Mollandstå: Staden der folk frå Mollandsmarki hadde båtstøa si. Her er det mogeleg å gå opp den gamle ferdselsvegen til Mollandsmarki, men det er svært bratt og ulendt.


Fakta om turen:

Enkel fottur

Lengde: 2,8 km

Tid: 3 timar

Turen går frå Solvorn til Lægene

Høgdemeter: 38 meter totalt

Sesong: mai - oktober/november


Slik kjem du deg dit

Med bil: Ta av frå fv 55 ned til Solvorn. Parkering i Solvorn sentrum.


Her kan du lese meir om overnatting, mat & drikke i Solvorn


Kilde: Visit Sognefjord AS

Langs Lustrafjorden til Legene

Sider du nylig har besøkt