Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dale i Sunnfjord

Laukelandsfossen

Laukelandsfossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde. 

Laukelandsfossen er eit kjent fossefall i Dalsfjorden like ved Dale i Fjaler. Fossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter breidde.

Det er fleire utsiktpunkt til Laukelandsfossen langs Dalsfjorden. Ein kan mellom anna sjå Laukelandsfossen frå Dalsfjordbrua. På nordsida av Dalsfjordbrua er det ein parkeringsplass med god utsikt til fossen. Her er også startpunkt for fleire turløyper i Fossedalen. Ei av turløypene går langs fjorden, med flott utsikt til fossen undervegs.

Har du båt eller kajakk, kan du ta turen heilt bort til fossen. Det er også mogleg å bade i ein kulp like under fossen!

Sikkerheit nær fossen

Ver venleg å respekter at fossen representera sterke naturkrefter, som kan vere farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du fell uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge. Hald deg til oppmerka sti. Om vinteren er det is rundt fossen, og på våren er vannstanden høg.

Last updated: 02/08/2024

Source: Visit FjordKysten

Laukelandsfossen

Sider du nylig har besøkt