Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sandøy

Leira ved Sandøy

Leira sandstrand
Sandøy kirke
Sjøhus på Leira

Den smale, nærmast bilfrie vegen svinger seg over øya og gjer den perfekt å utforske både til fots og på sykkel.

Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre.

Ruteskildring

Frå fergekaia på Sandøy følgjer du vegen som dreier sørøstover mot høgre. Etter kort tid kjem du til ei sykkelparkering på venstre hand, der det står sykler til utlån! Deretter kjem du til butikken L/L Sandøy Handelslag med ein triveleg kaffekrok. Litt lenger bort får du Sandøy kyrkje på venstre hand, bygd i 1812.

Vegen slynger seg over jorder og mellom gardsbruk før den dreier nordøst og ut mot neset ved Sanden. Der ligg Sandøyhytter, tre hytter på rekke og rad. Gå forbi disse hyttene og ut på neset, der finn du turkassa. Her er ein rasteplass som kan alle kan benytte seg av. Både sør og nord for neset er det lange, kvitkorna sandstrender med moglegheit for å raste, bade eller berre nyte utsikta og sjølufta. Alternativt kan ein velge å følge veg 211, som er litt kortare. Begge rutene er godt egna for rullestol og barnevogn.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Leira ved Sandøy

Sider du nylig har besøkt