Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Leirvassbu | Turisthytte DNT

Book

Leirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Leirvassbu fjellstue i Jotunheimen ligg idyllisk til 1400 moh. ved Leirvatnet i Leirdalen, og er eit ypperleg utgangspunkt for toppturar med flust av 2000-meterstoppar rett utanfor døra.

Ved foten av det karakteristiske fjellet Kyrkja ligg Leirvassbu ideelt til med tanke på breturar, fjellvandring, toppturar, brekurs, vårskiløping, klatring og fisking. Du kan nå om lag 50 toppar over 2000 m.o.h. frå Leirvassbu.

Høgruta i Jotunheimen:
Leirvassbu er ein del av Høgruta i Jotunheimen, og den 5. hytta du er innom i løpet av den 5 dagar lange skituren gjennom hjarta av Jotunheimen. Du kan anten bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar.

Historia ligg i årstala på veggen: 1875 - 1906- 1957
Leirvassbu har vore eit knutepunkt for fjellvandring sidan den fyrste steinhytta, "Leirvassboden" ved Leirvatnet vart bygd av DNT i 1875. Da med kun fire sengeplassar. I 1906 vart Leirvassbu bygd om til trehytte med 19 sengeplassar, før hytta i 1957 vart utvida til 100 sengeplassar og modernisert med mellom anna straum. Idag er Leirvassbu ei stor fjellstove med rundt 200 senger (60 med dusj og toalett på rommet). Tove og Ole Jacob Grindvold var vertskap fram til Leirvassbu opna som DNT-hytte den 23. mars 2023.

Den Norske Turistforening har merka ruter som går frå Leirvassbu til alle turisthyttene i området. I vintersesongen kan du fylgje vinterrutene som er kvista.

Fjellstova er fyrst og fremst tiltenkt fjellvandrarar. Det blir servert solid frokost der dei som ynskjer det kan smøre niste og fylle termos. På dagtid kan du kjøpe kaffe og kaker eller enkel mat. Resepsjonen har salg av kioskvarer og er ope heile dagen. Om kvelden blir det servert felles tre-rettars middag og vi har bar med alle rettigheitar.

Leirvassbu ligg berre 45 km, eller om lag ein time med bil frå Lom sentrum.

Velkomen til fjells!

Kontakt:
Leirvassbu Turisthytte
Leirdalsvegen 1440, 2687 Bøverdalen
Telefon: 61 21 12 10
E-post: leirvassbu@dnt.no
Midlertidig bestyrerpar: Gitte og Terje Sølna(bestyrere på Snøheim)

Last updated: 11/17/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Leirvassbu | Turisthytte DNT

Book

Sider du nylig har besøkt